Handling er eit språk for tap
I høve til temaet er språket i desse dikta originalt.
DIKT
Kari Saanum:
Sorgsanger
Forlaget Oktober
Diktboka Sorgsanger er reinskoren, språket er direkte, nesten prosaisk, og boka er tidvis ubehageleg å lese. Dikta samlar seg kring ein tragisk handlingsgang: Faren i familien er i ferd med å døy. Og dødsleiet, døden, den etterfølgjande sorga og tilstanden i familien vert skildra og formidla av partnaren i korte, forteljande diktsekvensar.
Dikta startar med slutten, med dødsleiet, for deretter, gjennom sorga, å påkalle minnestykke frå familiens samliv. Dikta freistar gi form til tapserfaringa sett frå dei pårørande og familien si side.
Presis stil
Kari Saanum har skrive noveller tidlegare, og det kan ein merke gjennom den presise stilen, konsist og effektivt ritar han fram handlingar, gjenstandar og tankebrokkar. Boka er skriven i ein novellistisk-poetisk realismestil som ikkje tapar fokuset på det kvardagslege og det som faktisk skjer.
Dikta går seg heller ikkje vill i poetiske omskrivingar, men lèt det korthogde handlingsretta språket byggje opp og lade augeblikk og situasjonar med spenningar: «åpner døren/ spenner beltene/ starter motoren/ skrur på varmen/ skraper isen/ rygger ut/ i natta før de siste timene// mørket vokser i gatene/ stillheten/ det snør».
Det sterke søkjelyset på ytre verd og handlingar skapar ein kjølig distanse i teksten, men dette bidreg også til at teksten i nokon grad bit i seg smerta og berre lèt henne trykkje på frå undersida, gjennom underteksten, og slik verkar den sterkare på lesaren.
Tempo
Det oppdrivne tempoet i teksten står i motsetnad til det ein tenkjer på som ein elegi eller sørgjesong, for ein forventar seg at han skrid fram langsamt, kvernande og dvelande.
Men det som skjer her, i elegiane til Saanum, er at den støtt stuttare og pressa pusten til den døyande verkar å ha sett seg fast i teksten, smitta han og egets språk, fordi «det siste åndedraget ditt/ henger i lungene mine».
Av og til kunne ein nok sett for seg ein endå meir reinskoren stil, for her slepper klisjear og unødvendige adjektiv til: «Om sannheten er bitter» («den bitre sannheten»), kan lesaren avgjere. Og om ein treng å skrive «den tynne benbleke huden» i staden for berre «hud» her, er eg usikker på. Men dette rokkar ikkje ved at Sorgsanger overtyder som diktbok og kan finne fram til lesarar.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Av og til kunne ein ha sett for seg ein endå meir reinskoren stil.