Bok

Han dreiv gjennom nazifiseringa av kyrkja

Ei tett dokumentert bok fortel oss om motivasjonen bak NS-ekspedisjonssjefen som så vidt slapp unna eksekusjonspelotongen.

Ekspedisjonssjef Sigmund Feyling (1895-1980), fotografert i mai 1945.
Ekspedisjonssjef Sigmund Feyling (1895-1980), fotografert i mai 1945.Ekspedisjonssjef Sigmund Feyling (1895-1980), fotografert i mai 1945.
Publisert

Sakprosa

Sigmund Feyling, prosten i Eigersund og Dalane, var ein rigid kar, gåverik og arbeidsviljug, disiplinert og sjølvmedviten. Som han sa det sjølv: «Jeg er en sta natur. Selv 9. mai 1945 satt jeg på kontoret.»

Med andre ord: ein farleg, ideologisk forankra motstandar for biskop Eivind Berggrav, professor ved Menighetsfakultetet Ole Hallesby og lekmannshovding Ludvig Hope – dei som stod i fyrste rekka på andre sida i kyrkjekampen.

Det er nett dette tette sambandet mellom person, samtid og ideologi som gjer Berglyds studie så interessant og gjev han tidsaktuell relevans.

UNDERDANINGA

Berglyd stiller klare spørsmål: Kva dreiv denne mektige ekspedisjonssjefen, som vart ein energisk nazihandlangar som ikkje veik attende for maktbruk, trugsmål og tilkalling av Statspolitiet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement