Bok
Gull og jord
Jørn H. Sværens poesiantologi er så god at han vil verte sakna.
Jørn H. Sværen tok initiativet til å gje ut ein poesiantologi fordi han sakna poesi i norske tidsskrift.
Foto: Vidar M.S. Husby
«Den som graver etter gull, graver opp mye jord og finner lite», heiter det i eit Heraklit–fragment ein finn trykt i Den engelske kanal 2019. Den engelske kanal kan kallast eit årleg utkomande poesitidsskrift eller kanskje heller ein antologi over samtidspoesien. I år føreligg siste og sjuande utgåve som ifølgje redaktøren blei etablert fordi han ikkje fann spor av poesi når han las norske tidsskrift.
Ny poesi
Det er ikkje tvil om at den årvisse antologien har vore både eit laboratorium for ny poesi og ein arena for å presentere utanlandsk samtidspoesi på norsk. Tvillaust vil han verte djupt sakna.
Mykje jord må både bidragsytarane og redaktør ha grave opp, med tanke på breidda og kvaliteten i det føreliggjande resultatet, som femnar om både visuell og verbal poesi. Det er interessant å sjå at den førsokratiske filosofen Heraklit glid så godt inn i selskapet av samtidspoetar. Om ein ser litt stort på det, kan ein seie at det som samlar bidraga i Den engelske kanal 2019, er ei interesse og ein refleksjon over fortida, døden og forsvinninga.
Utanlandsk lyrikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.