Bok

Gripande gange

Morten Bjerga skriv medrivande om å gå seg ut av sorga og inn på nye spor.

Morten Bjerga, som er lektor og busett på Sandnes, er aktuell med roman nummer fire.
Morten Bjerga, som er lektor og busett på Sandnes, er aktuell med roman nummer fire.
Publisert

Det har vist seg før at kombinasjonen av å gå og skrive kan vere fruktbar, eitt av dei mest konkrete eksempla er Tomas Espedals roman . I Morten Bjergas roman Dødevegen. El Camino de los Muertos legg hovudpersonen ut på den kjende pilegrimsferda mot Santiago de Compostela heilt sør i Spania. Han byrjar i Irún aust i Baskarland. Han har nettopp mista kona si i sjukdom og er langt nede. No får han sjå om det lar seg gjere å gå seg opp igjen.

Vi vekslar mellom landevegen og skildringar frå eit fengselstilvære, som òg er hovudpersonen sitt, to år etter vandringa. Han talar med dei døde og minnest dei levande, han filosoferer over kva som er godt og vondt, rett og gale.

Fengslande forteljing

Mykje av spenninga er knytt til spørsmålet om kvifor han er hamna i fengsel, men like viktig for drivet i romanen er den fengslande forteljemåten til Morten Bjerga. Mens hovudpersonen vandrar, luftar han tankar med seg sjølv om sitt eige liv og om filosofiske spørsmål, men han bringar òg kunnskap til lesaren om andre helgenar enn apostelen Jakob, som er hans eige mål for reisa.

Det er mykje historie å få med seg på vandringa. Om relikviesamling, som har vore stor sport i mange hundre år, får vi blant anna høyre om kurfyrste Fredrik den vise av Sachsen, som «må ha meint at det var mengda som var avgjerande. Han hadde 17443 relikviar i slottskapellet sitt i Wittenberg».

Bjerga skriv om å skrive: «Eg ramsar opp detaljar, årstal, namn, og ikkje noko av det er avgjerande i den store samanhengen. Men det hjelper. Det å skriva om det, det å prøva å få eit slags tak på det.» Han skriv om at vandraren, som aldri har gått noko særleg, no finn heilt nye krefter i seg sjølv og kan halde same farten oppover som bortover. Han blir ein ny mann. Han ser insekt på bakken og rundt seg, og observerer at Spania tydelegvis ikkje berre er flamenco, tyrefekting, festing og fyll, dagens VG og vaflar i sjømannskyrkja, men «alt det andre». Vakkert, variert landskap og først og fremst alle menneska, gjestfrie, pratsame eller tilbaketrekte. Han skriv om reinsinga: «Ein gjekk, og det var alt. Og på vegen strøymde augeblinkane mot ein.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement