Bok
Godt inneklima
Marie Kleve gjer så godt ho kan med ein litt grønare familie. Det syner seg meir enn godt nok.
Målet om å stogge den globale oppvarminga på 1,5 grader er så å seie tapt. Målet om å stogge på 2 grader er langt, langt unna å verte realitet. Kven er det som har ansvar for at vi ikkje når våre eigne klimamål? Er det politikarane som lagar lovene, næringslivet som styrer pengesekkane, eller eg og du og ho som til saman utgjer alle innbyggarane i verda?
Journalist, trebarnsmor og tidlegare Blekkulf-medlem Marie Kleve har stilt seg sjølv alle desse spørsmåla og landa på at ho ikkje vil vente på at nokon kjem med noko svar. Ho vil berre byrje. Med seg sjølv og sin eigen familie. Fordi djup endring, verkeleg endring, får vi ikkje «ved hjelp av pekefingre og pålegg, slikt har bare kortvarig effekt». Varige resultat får vi berre om tiltaka kjem frivillig, og derfor må nokon gå føre, skriv Kleve, og syne andre, som så kan late seg påverke, og slik har Kleve alt rettferdiggjort at forsøket deira på å ta klimakutt og miljøvenleg åtferd på alvor i familien har vorte bok. Fordi det alltid er bra at nokon gjer noko, same kor lite. Uansett om det berre er å slå av LED-lyspærer som uansett nesten ikkje brukar straum.
Vanskelege variablar
Men, boka til Kleve har ein temmeleg ambisiøs tittel: Ein ting er Grønnere familie, litt grønare kan ein alltids verte. Undertittelen, derimot, er vanskelegare å leve opp til: «Klimatiltakene som faktisk fungerer» – sjå, der har du ein bøyg. For kva er det som faktisk verkar? Sparar ein eigentleg kloden for ressursar og atmosfæren for CO2 ved å pakke poden inn i tøybleier i staden for eingongsbleier, all den tid plast er eit så effektiv materiale? Er ein splitter ny elbil stappfull av ressurskrevjande batteri betre enn bensinbilen du alt har? Kor mykje sjeldnare må ein vaske, kor mykje oftare stoppe og reparere ullklede frå metanproduserande sauer for at dei skal få lågare klimapåverknad enn giftsprøytt og matarealetande bomull?
Alle desse problemstillingane er henta frå Grønnere familie. Berre nokre av dei får svar med to strekar under, og då stort sett alltid med atterhald. For Kleve er rask med å innrømme at å vite kva for eit av to eller fleire alternativ som til sjuande og sist gjev lågast konsentrasjon av CO2 i atmosfæren, er vanskeleg. Det er rett og slett så mange variablar å ta omsyn til: Tørketromlar du tøybleiene dine, eller lèt du dei lufttørke, vaskar du dei på 60 eller 90 grader, og klarar du late vere å kjøpe fleire bleier enn du treng? Vert skya som lagrar musikken du lyttar til på Spotify, halden i live av kolkraft eller vasskraft? Kan vi gje innbyggarar i Vadsø like mykje flyskam som bergensarar?
Prompeproblem
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.