Godt ei lang stund, langt ei god stund
John Boynes historie om å vekse opp som homofil i eit prestestyrt land er storslått, men går etter kvart litt i oppløysing.
John Boyne skildrar eit bakstreversk Irland.
Foto: Chris Close
Roman
John Boyne:
Hjertets usynlige stormer
Omsett av Morten Hansen
Cappelen Damm
Irske John Boyne er forfattaren bak boksuksessen Gutten i den stripete pyjamasen, som blei filmatisert. Over sju millionar eksemplar av boka er seld på verdsbasis. Boyne er prislønt, omsett til 45 språk og stadig å sjå på bestseljarlister.
I Hjertets usynlige stormer møter vi Cyril Avery, som er så uheldig å vekse opp som homofil i eit Etterkrigstids-Irland som blir omtalt slik: «Irland er et bakstreversk høl av et land, styrt av hatske, ondskapsfulle, sadistiske prester og en regjering som ligger så under for presteskapet at den nærmest lar seg føre rundt i bånd.» Det heiter seg på ramme alvor at det ikkje finst homoseksuelle i Irland. I andre land, ja, det har ein høyrt om, men garantert ikkje i Irland. Denne totalfornektinga skapar sjølvsagt ei ramme rundt Cyril og andre homofile som blir uuthaldeleg. Dei er overlatne til eit seksualliv i mørke bakgater, med skamma hengande over hovuda, og Cyril reiser etter kvart vekk, til Amsterdam og New York.
Eit liv og eit land
Før den tid har vi følgt Cyril gjennom oppveksten som adoptert, der han ikkje akkurat druknar i kjærleik frå adoptivforeldra. Men han møter (høgst heterofile) Julian, som han forelskar seg i, og som skal bli ein slags nemesis. Cyril har tilfeldige jobbar, han føter seg så godt han kan i livet, men han kjem opp i den eine dramatiske situasjonen etter den andre, enten fordi han er homofil, eller fordi han lyg for seg sjølv eller andre om det.
Like mykje som ei livsforteljing om Cyril Avery er romanen eit storslått portrett av eit land og ei tid. Det er opprivande å lese om kor vengeklipt ein kunne kjenne seg som homofil, som kvinne, som ikkje-truande, ja, som alt anna enn katolsk prest i Irland på den omtalte tida. Vi møter folk som går til grunne av det, men også dei som finn konstruktive alternativ og klarer seg. Ein blir knytt til enkelte av personane, ein blir riven med av skjebnar.
Plutseleg eplekjekk
Samstundes er det element i romanen som motarbeider lesarvelviljen. Det eine er lengda: Boyne er ein forfattar som likar å fortelje, og det med mange ord. 640 sider kjennest unødig langt. Det hadde kanskje ikkje gjort det, om lesaren hadde sloppe å kjenne på eit stadig aukande misforhold mellom alvoret i forteljinga og måten personane snakkar til kvarandre på.
Når Cyril vender heim til Dublin og møter igjen ei kvinne som han meir eller mindre har øydelagt livet til (utan å direkte meine det), og han i tillegg har mista så mykje og så mange sjølv, er det merkeleg at han skal vere så eplekjekk i tonen. Kvinna er òg merkeleg ovanpå i replikkane. Er alle plutseleg så muntre, der dei delvis klandrar og delvis tilgjev kvarandre, fordi forfattaren ønsker å skape ei forsonande avrunding? Det verkar snarare umotivert og lite truverdig, og det tar vekk noko av alvoret frå første del av boka.
Det er mogleg at Boyne sjølv blei litt lei på slutten. Men då burde han ha venta med å ferdigstille boka til han ikkje var lei lenger.
Morten Hansen verkar ikkje lei, og held ein god og stødig omsetjarstil frå byrjing til slutt.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Like mykje som ei livsforteljing om Cyril Avery er
romanen eit storslått portrett av eit land og ei tid.
Fleire artiklar
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB