Bok

Glede ved setninga

Fredrik Hagen skriv overrumplande og biletrik prosalyrikk.

Fredrik Hagen debuterte som forfattar med ei diktsamling i 2017.
Fredrik Hagen debuterte som forfattar med ei diktsamling i 2017.
Publisert


Han ligner en måte å sove på er tredje boka til Fredrik Hagen. Forfattaren held fram med det assosiative minnearbeidet som hans førre bok, Alt er barndom, innleidde.

Med første augekast tenkjer ein kanskje ikkje at dette er dikt, men heller ikkje at det er streite forteljingar. Snarare er det setningar, eller små episodiske prosatekstar åtskilte av blankliner, ein møter. Visse personar, punkt og stader kjem tekstane støtt attende til, og ein slags underleg samanheng vert likevel skapt.

Minnefragment

Men kva handlar tekstane om? Først om tilhøvet mellom Noa og eg-personen, om ting dei gjorde og opplevde som ungar, og som eg-personen minnest. Episodar frå notida finst òg. Over fleire sider fortel eg-personen om erfaringar som assistent på ein barneskule, i tillegg finst nokre daterte bolkar, slik som «mai 2015». Der får ein høyre at Noa og eg-personen ikkje har treft kvarandre på lenge, og om jobben på fabrikken i Tyssedal. Og så er det alle tinga og hendingane eg-personen hugsar og registrerer. Kan hende er bokas hovudkarakter minnet sjølv; menneskets måte å vere i tida på.

For sjølv om tekstane kryr av handgripelege minnefragment, handlar dei også om korleis minnet fungerer, korleis det kan forståast, kva det gjer med ein. Eg tek meg i å tenkje at Noa både refererer til ein person og er ei personifisering av minnet. Slik kan minnet likne «en måte å sove på».

Overskot

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement