JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Gjer krigshistoria meir fullstendig

Å sjå nærare på krigshistoria til éin landsdel gjer det mogleg å gå i djupet av forhold som har meir enn regional betydning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olderdalen i Kåfjord i Nord-Troms i november 1944: To tyske landgangsprammar tek om bord lastebilar og hengarar på ferjeleiet for transport til Lyngseidet. Nærast ein Opel Blitz. I bakgrunnen Lyngsalpane.

Foto: Rune Rautios samling

8807
20221223
8807
20221223

Sakprosa

Fredrik Fagertun, Bjørg Evjen og Stian Bones (red.)

Andre verdenskrig i nord, band 1–3

Orkana Forlag

Ei eiga framstilling av den andre verdskrigen i nord, i tre bind på til saman rundt 1700 sider, kan det forsvara sin plass? Er ikkje åra 1940–45 ei nasjonal erfaring, og må ikkje målet vera å skapa ei felles ramme for forståing og erindring, ei felles forteljing? Er det ikkje nasjonen, ikkje landsdelen, som må vera utgangspunktet?

Spørsmålet kan lyde retorisk, slik det kanskje var for tidlegare krigshistorieforfattarar bak verk som Norges krig (tre bind) og Norge i krig (åtte bind), Ole Kristian Grimnes’ Noreg under andre verdskrigen og Magne Skodvins Krig og okkupasjon 1939–1945.

Men det er ikkje gitt at det må vera slik: Det kan tenkjast andre rammer for den historiske erfaringa til ei gruppe, eller ei befolkninga i eit geografisk område, enn den nasjonale. Dessutan: Det treng ikkje vera noka motsetning mellom dei to perspektiva.

Meir fullstendig

Dette siste er openbert utgangspunktet for historikarane ved UiT Noregs arktiske universitet som står bak Andre verdenskrig i nord. Kampen om frihet: Om ein går djupt inn i krigshistoria med utgangspunkt i éin landsdel, Nord-Noreg, kan også den nasjonale forteljinga bli meir fullstendig.

Dette kjem ikkje av at Nord-Noreg nå endeleg «får den rettmessige plassen sin» i krigshistoria, sjølv om dette truleg har stått i meldingar. Å sjå nærare på éin landsdel gjer det derimot mogleg å gå i djupet av forhold som har meir enn regional betydning: Konsentrasjon om det spesielle bidrar til forståing av det allmenne. Slik er det òg mogleg å få fram forhold som faktisk skil krigserfaringa i nord frå Sør-Noreg – eller det motsette: Trekk som går igjen over heile landet.

I tillegg viser redaktørane til forhold som var særskilde for Nord-Noreg, men som samstundes var avgjerande for plassen landsdelen har i den nasjonale krigshistoria, og slik for den nasjonale krigshistoria i seg sjølv. Det første av desse er velkjent: Krigen i nord heldt fram fleire veker etter at allierte og norske styrkar hadde gitt opp kampen i sør. Nokon avgjerande konsekvens for utviklinga av krigen i det store biletet fekk dette neppe, men i etterkrigstidas erindring om krigen har det sin plass.

Norsk spisstelt i bruk som bustad etter bombinga av Bodø. Ein eldre mann utanfor teltet i oktober 1940.

Foto: Anger / Rune Rautios samling

Tysk nærvær

Dernest: I Nord-Noreg samla sett kunne proporsjonen mellom innbyggjarar og representantar for okkupasjonsmakta i periodar vera om lag 2:1 – langt høgare enn i resten av landet. På stader i Sør-Noreg kunne det vera sjeldan ein såg ein tysk soldat. I store delar av Nord-Noreg var nærværet til okkupasjonsmakta ein del av dagleglivet.

Og sjølvsagt: Den tyske øydelegginga av Finnmark og Nord-Troms, og tvangsevakueringa av befolkninga frå hausten 1944, er i omfang utan sidestykke i Noreg. Framferda til tyskarane kunne vera like omsynslaus og meir direkte brutal i andre samanhengar. Dette ser ein i gjennomføringa av holocaust i Noreg, ved tyske hemnaksjonar etter allierte raid i både sør og nord, eller i behandlinga av sovjetiske og jugoslaviske krigsfangar. Men det at delar av ein landsdel vart systematisk øydelagt og ei heil befolkning forsøkt tvinga bort, har ein unik plass i Noregs historie.

Under det heile ligg den spesielle plassen Nord-Noreg hadde i den tyske krigføringa etter angrepet på Sovjetunionen 22. juni 1941: Kirkenes og Finnmark vart oppmarsj- og forsyningsområde for dei tyske styrkane ved Litsa-fronten etter at framstøyten mot Murmansk stoppa opp hausten 1941. Og kysten måtte forsvarast mot moglege allierte åtak.

Spenner breitt

Men innhaldet i boka spenner langt breiare. Det er ein tydeleg ambisjon å fanga opp opplevinga av krig og okkupasjon – blant norske, men i noka grad også tyske soldatar, men først og fremst blant sivilbefolkninga og offera for krigen og okkupasjonen. I bindet En annerledes hverdag (red. Bjørg Evjen) finn vi kapittel om «Mat, klær og krig», om skulegang og helsestell, om foreinings- og kulturliv, om næringsliv, samferdsel og anna kvardagsleg stoff – alt i skuggen av ei alltid nærverande okkupasjonsmakt.

Éin av fleire trådar gjennom alle tre binda er lagnaden til dei sovjetiske og jugoslaviske krigsfangane som vart sette inn i den massive bygginga av militære anlegg og sivil infrastruktur i Nord-Noreg. Ein annan er samkvemmet mellom sivile innbyggjarar og okkupasjonsmakta, etniske nordmenn så vel som samar.

Som i andre nyare framstillingar av okkupasjonstida ser forfattarane på spennet mellom aktiv motstand og aktiv kollaborasjon. Det kan vere felles interesser mellom okkupant og okkupert, og det kunne bli vanskeleg å skilje mellom fiendebiletet av okkupanten og okkupanten som enkeltmenneske. Ofte er det kvardagserfaringar som kan finnast igjen også i andre delar av landet, men som i Nord-Noreg vart prega av det svært sterke tyske nærværet.

Losvik i Tanafjorden, 1943: Lokal fiskar i samtale med ein tysk Hauptfeldwebel frå det tyske kystbatteriet på staden, etter å ha «klira» matvarer frå tyskarane.

Foto: Hermann Frass / Bundesarchiv

Holocaust i Nord-Noreg

Verket gir den første samla framstillinga av holocaust i Nord-Noreg. Det går frå førkrigstidas velintegrerte, men i omfang avgrensa miljø av jødiske familiar og enkelte jødar, til fangenskap, deportasjon og utrydding av to tredelar av gruppa som nazistane meinte var «fulljøder». Kapittelforfattar Fredrik Fagertun har gjort eit nybrotsarbeid med å skaffa arkivkjelder til ein kort biografi om kvar enkelt av familiane, eller dei einslege, som vart ramma – ei markering som gir offera namn og eksistens.

Redaktørane gjer det klart at verket ikkje tek utgangspunkt i påstandar om ein intendert, systematisk ubalanse mellom nord og sør i nasjonale førestillingar om okkupasjonstida, at krigen i nord skulle vore oversett eller til og med bevisst halden skjult både av faghistorikarar og i populære framstillingar. Dei viser til slike førestillingar i innleiinga til kvart bind (t.d. s. 8 i Overfall og okkupasjon), men held dei på avstand. I fleire samanhengar tek kapittelforfattarane òg til motmæle mot desse og andre historiske myter.

Nybygging

Det er særleg i bindet Kampen om frihet (red. Stian Bones) slike førestillingar kunne ha vore rammer for forteljinga: Her blir mellom anna tankane og planane til London-regjeringa for frigjeringa av Nord-Noreg drøfta. Forfattarane skriv om den sovjetiske innmarsjen i Sør-Varanger i oktober 1944, og om tvangsevakueringa og brenninga av Finnmark og Nord-Troms. Blant norske og andre allierte avgjerdstakarar verkar det som det knapt er nokon heltar, men heller ingen skurkar: Dei gjorde det dei makta i ein situasjon der Noreg, også Nord-Noreg, var langt nede på dei allierte si liste over prioriterte område.

For meg er dei avsluttande kapitla i dette bindet blant dei mest givande i heile verket. Dette gjeld Wilhelm Karlsens og Einar Niemis drøfting av nybygging ikkje berre etter krigen, men også under krigen, og kapittelet til Hallvard Tjelmeland og Bjørn-Petter Finstad om «Staten og nordområda». Delar av stoffet er henta frå tidlegare framstillingar, men her blir det sett inn i ein samanheng og får ei form som kan, og bør, nå fram til nye lesarar.

I desse kapitla finst faktisk òg nokre heltar: Dei idealistiske arkitektane og planleggjarane som drog nordover for å bidra til gjenreisinga, til dømes – sjølvsagt i tillegg til dei mange som gjekk laus på oppgåva med å skapa seg ein ny heim og nye arbeidsplassar på ruinane av dei gamle. I kapittelet «Krig og minnepolitikk» skapar Joakim Almen Markussen og Petia Mankova eit grunnlag for ein opplyst diskusjon om Nord-Noregs plass i vår felles krigshistorie. Bindet, og dermed heile verket, blir avslutta med Stian Bones’ gode refleksjonar om «Fridom, liv og rett».

Russiske krigsfangar i arbeid på Høybuktmoen flyplass ved Kirkenes i september 1941.

Foto: Erwin Bögel / Rune Rautios samling

Manglar

Sjølvsagt har verket manglar. Ein kunne enkelte stader ønskt seg ei fastare redaksjonell leiing. Enkelte kapittel og avsnitt kunne vore stramma inn, til dels kraftig. Ideelt sett kunne nok eit verk av denne storleiken, og med same ambisjonsnivå, omfatta heile landets møte med krig og okkupasjon 1940–1945, men det ville altså vore eit anna prosjekt. Eg kunne pirka i framstillinga av enkeltforhold og nokre tilfelle kjeldebruk, men eg lèt det vera.

Men det er altså snakk om KRIGEN. Difor har det sjølvsagt alt meldt seg kritikarar som meiner at det eine eller det andre ikkje blir fortalt, eller at det blir «fordreidd», anten det gjeld kampane ved Narvik eller, meir grandiost, nordfronten som Hitlers påståtte «skjebneområde». Andre er skuffa over at politikarane i London heller ikkje denne gongen blir avslørt som dei skurkane dei meiner at dei var.

Det er eit stort verk, og det krev tid å komma gjennom alt saman, men svara på desse innvendingane finst som oftast i teksten. Spørsmåla er berre stilte på ein annan og meir opplyst måte.

Sven G. Holtsmark

Sven G. Holtsmark er professor ved Institutt for forsvarsstudiar ved Forsvarets høgskule.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis