Gjennombrot og samanbrot
Marte M. Solem skriv med stor presisjon om ein tilstand der alt raknar.
Marte Magnusdotter Solem har vakse opp i Oslo og er utdanna skodespelar ved Statens teaterhøgskole. Ho har gått på Aschehougs forfattarskule.
Foto: Oda Berby
Roman
Marte Magnusdotter Solem:
Noe av betydning
Aschehoug
Når ein sjølv meiner ein står framfor eit gjennombrot, kan det vere lurt å vente med å kunngjere det til det er bekrefta. Det får Sara i Marte M. Solems Noe av betydning merke. Det hindrar ikkje hovudpersonen i å gjenta feilen.
Den indre spagaten
Sara har laga nokre kortfilmar tidlegare, ein av dei med stor suksess, no ser ho fram til den første spelefilmen sin. Ho har eit team rundt seg som står klare, og vener og familie har store forventningar, sidan ho på førehand har varsla at det er i boks. Når støtta frå Filminstituttet likevel ikkje kjem, raknar prosjektet, og tilbake står ei betutta Sara. Utover i romanen raknar ho sjølv meir og meir.
Sara har sonen Brage på 11 år. Barnefaren Fredrik lever med ny kone og barn. Sara underviser studentar i film, i eit vikariat, men heime blir det stadig meir skrantent i kjøleskåpet, det går i nudlar og knekkebrød med kaviar.
Marte M. Solem viser oss eit menneske som står i spagaten mellom å ha tru på seg sjølv som kunstnar og å måtte ty til andre jobbar for å overleve. Ikkje eit ukjent fenomen i historia. Men korleis dette kan verke på innsida, blir tydeleg på ein både smertefull og komisk måte i denne romanen. Sara opplever at alle rundt henne trekker seg unna, men lesaren ser at det like mykje er Sara som med sin klagande, krevjande måte skyv andre vekk. På same tid teiknar forfattaren opp eit film- og kunstnarmiljø som er rimeleg overflatisk – det handlar om fasade og posisjonar – så det er ikkje så lett å bli rekna med heller, utan jamn og pågåande suksess.
Hormonelt perspektiv
Den premenstruelle tilstanden er ein premiss for måten historia er fortalt på. Filmen til Sara skulle handle om nettopp dette: korleis den månadlege hormonfestivalen artar seg for enkelte kvinner, kor nærtakande og overkjensleg ein kan bli, at dette ikkje er noko ein kan styre. Filmen skulle ta dette på alvor. Når ikkje filmen blir noko av, og lesaren merkar at det i staden er romanen som er skriven ut frå eit nærtakande, skrudd verdsbilde, kjennest det litterært elegant.
Sara toler ikkje at folk seier det ikkje passar når ho ringer på døra, ho blir sjalu på ungar som skrik i bakgrunnen i telefonen og krev merksemd, ho prøver å snakke vennleg, men det blir syrleg. Når ho møter eit smil, er det alltid vendt til ein ved sida av ho, og kvifor får ho berre ein tommel opp i kommentarfelta, mens andre får hjarte? Her er mykje å bruke krefter på. I desperasjonen etter å kunne melde om eigen stabilitet, seier ho også høgt til andre at ho har fått fast undervisningsjobb, noko ho feilaktig tar på forskot, for andre gong.
Absolutt håplaus
Sjølv om Saras sosiale, relasjonelle og yrkesmessige undergang er hjarteskjerande, er han også komisk, sidan feilskjera ingen ende vil ta. Dei er i tillegg akkompagnerte av ein aldri kvilande fysisk humor: Våte blad set seg fast under skoa når ho skal gå frå ein pinleg situasjon. Ho set mat i halsen midt i ein anstrengd samtale. Når ho skal nappe blad av ein blome, riv ho opp heile planten, og jord fyk overalt.
Eg kjenner stor godhug for katastrofen Sara, og for evna forfattaren har til å teikne dette raset så tydeleg og presist.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når ho skal nappe blad av ein blome, riv ho opp heile planten, og jord fyk overalt.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.