Fylt av Tom
Av og til har bøker ein rikdom som smittar. Eg kjenner meg steinrik.
Runar Dahle debuterte med ei novellesamling i 2010.
Foto: Rolf M. Aagaard
Roman
Runar Dahle:
Tom. Den andre viljen
Gyldendal
Då eg var lita, hadde eg ein fantasifigur som heitte Jon i skogen. Han var oppkalla etter Jon Skolmen, min barne-TV-helt. Det var Jon i skogen som fekk skulda når eg hadde gjort noko gale. Til gjengjeld delte eg laurdagsgodtet mitt med han.
Christine i Runar Dahles roman Tom. Den andre viljen har ein litt skumlare fantasiven, som heiter, ja, Tom. Noko skjer når ho fyller sju, og det har med denne fantasivenen å gjere: ho sluttar nærmast å snakke, går inn i seg sjølv. Faren Philip ser ikkje ut til å legge så mykje i det, heller ikkje terapeuten Sanna hos ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), dei meiner Tom kan vere ein slags sparringpartnar for Christine, eit steg i utviklinga. Mora Camilla er djupt bekymra.
Parallelt, i annakvart kapittel, følger vi ei psykiatrihistorie frå ulike behandlingsanstaltar i Noreg frå 1902 og framover til vår tid. Kva for retningar etablerte seg, kva for behandlingstilbod såg ein til kvar tid som eigna for psykisk sjuke menneske? Til sist går dei to spora saman på svært interessant vis.
Grenselandet
Det høyrest så klinisk og konkret ut, dette med psykiatrihistoria. Men det er ei ramme rundt ein roman som snart kjennest overnaturleg, eller i alle fall lokkande uoversiktleg. Camilla ser folk i vindauge som ikkje er der, og fleire dokker kjem inn på scena og opptrer som dei groteske «vesena» dei kan vere for eksempel i påskekrimmar som Malstrøm, som kom omtrent på Jon Skolmens tid.
Kontrasten mørke–lys er gjennomgåande i komposisjonen. Handlinga i notid er lagd til 2029, klimaforandringane har fått sterkare grep, og det er unormalt varmt. Camilla jobbar i ein dyrehage, og dyra rømmer, trass i ei «vasstett» elektronisk innhegning. Det er mykje uhygge i sving. Midt i dette står altså Christine, heilt utilnærmeleg, og skaper si eiga uhygge.
Dette er på mange måtar ein roman for grenseoppgangar. Kva for univers tangerer vesle Christine? Kan psykiatrien, i nokon av formene sine, nå inn til desse? Er far Philip og BUP-Sanna for avsondra frå menneskets labyrintar, for rasjonelle, eller er det mora Camilla som «ser» for mykje som ikkje er der?
Først og fremst har Runar Dahle skrive ein roman der ein ikkje så enkelt kan svare på noko av dette, «forklaringane» sprenger seg ut forbi kvar einaste fasit. Dahle skriv fram ei nærmast gotisk historie om tilsynelatande trivielle tilhøve, der rom etter rom opnar seg og ein frys på ryggen og lurer på kvar vi skal no.
Høgt nivå
Eg lurte på om eg måtte stanse skrivinga etter setning nummer fem i denne bokmeldinga, sidan lesaren fortener den same utviklinga av stoffet som eg sjølv fekk. Men eg kunne jo ikkje det heller. Eg vil ikkje seie eit pip om korleis dette «går», då vil eg heller seie at opningskapittelet om psykiatrien i sine tidlege dagar kopla opp mot utbygginga av vasskraft, og dermed tilgangen på straum, og lys («opplysning»), går over i mi lesarhistorie som eit av dei beste romanførstekapitla eg har lese.
Dette er òg fordi Dahle ved dette anslaget viser at han ikkje har tenkt å skrive på «bakkeplan». Han løftar alt stoffet sitt opp i eit materiale som i seg sjølv er framifrå litterær lesing, utøving og utforsking, og så får lesaren lov til å vere der oppe, og laste ned, framfor å starte i ein sjølvbiografisk eller innovervendt mudderbank og laste opp. I våre dagar er det frigjerande. Romanen byr på nærmast uendeleg mange tolkingsmåtar og forståingar, og Dahle har ikkje tenkt å legge seg opp i nokon av dei. Gjettar eg på.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Romanen byr på nærmast uendeleg mange tolkingsmåtar og forståingar.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.