Frisk poesidebut
Dikta til Anna With er originale og presise.
Anna With har mellom anna studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen.
Foto: Hedda Rysstad
Dikt
Anna With:
Eplet, nesten
Forlaget Oktober
Eplet kan stå for visdom og erkjenning, men også for svik og syndefall, i alle fall om ein les det i ein religiøs og bibelsk samanheng. Og det er ikkje dumt å ha dette i mente når ein les debutanten Anna Withs Eplet, nesten.
Diktsamlinga har definitivt noko uskuldig og friskt over seg, fordi ein får kjensle av at poeten beveger seg inn i eit område som er heilt nytt og underleg for det lyriske eg-et, men likevel fastlagt i verda. Det er språket og språkbrukaren det står om her.
Barnleg-naiv tone
Dikta er prega av ein utprøvande, leikande og tidvis barnleg-naiv tone. Her snakkar sola, og her finst «ljå-mann».
With plukkar opp språk som nærast tilfeldig dukkar opp, snur og kjenner og smakar på ord, seiemåtar, setningar, og freistar vinne ut og fange kva dei tyder. Det lyriske eg-et undrar seg over korleis dei ligg i munnen og kan gi meining. Ja, det lyriske eget er litt som ein oskeladd – eller som språkfilosofen Ludwig Wittgenstein, som også plukka opp ord og omgrep frå daglegtalen, og som i staden for å definere orda spesifiserte brukssamanhengane deira.
Eit dikt siterer også André Bjerkes regle i noko forvridd form: «før jeg vet oravde har jeg kjøpt både staven, skjoldet, skoen og ringen». Ein kan lese dikta som ein ord- og omgrepskatalog eller ei ordsamling, der dikta levande skildrar og syner korleis orda skyt knoppar, tankar, assosiasjonar; veks og føder meir språk.
Småabsurd
Dikta har titlar som «Vitne», «Andre», «Egentlig», «Tålmodigheten» og «Lærling», og kvart av dikta kartlegg på originalt, sanseleg og småabsurd vis område der orda kan finnast. I «Erfaring» heiter det: «Erfaring er det som tilfeldigvis har truffet meg, lagt fra seg en splint/ splinten heter min erfaring, for at kroppen ikke skal støte den vekk/ dette er ingen splint, sier jeg, men ribbeinet mitt». Sekvensen fører ein inn i ein religiøs-bibelsk samanheng samstundes som ein får assosiasjonar til noko som er gått sund.
Tittelen på boka, Eplet, nesten, betyr noko i retning av omtrent eller så godt som eplet. Kanskje kan ein sjå tittelen i flukt med språket, at det peikar på fråværet av det fysiske eplet, eller at språkmeining er fleirtydig og difor, om ein ikkje kjenner samanhengen, omtrentleg. Trass i dette omtrentlege, og trass i at eg har kalla rørslene til dikta springande, står dei merkeleg nok fram som det motsette: som svært presise.
I samtidspoesiens landskap, der forteljinga står så sterkt, kjennest Anna Withs bok kanskje ekstra frisk og original. Dette er ein lovande diktdebut som på snedig vis tek språket sitt på alvor.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta er prega av ein utprøvande, leikande og tidvis barnleg-naiv tone.
Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement