Bok

Frå spegel til spegel

Åttitalslitteraturen vitjar samtidslitteraturen.

Morten Langeland debuterte med ei diktsamling i 2012. I 2016 fekk han Stig Sæterbakkens minnepris.
Morten Langeland debuterte med ei diktsamling i 2012. I 2016 fekk han Stig Sæterbakkens minnepris.
Publisert

Barbar av Morten Langeland består av prosatekstar. I desse tekstane vrir og vrengjer forfattaren på sjølvframstillinga. Sjølvframstillinga i Barbar nærmar seg karikaturen. Tekstane er overdrive aktuelle og overdrive farga av det samtidige: Pandemien er innskriven, i språket figurerer oppdatert slang, teknologisk og populærkulturell referansemani blandar seg med tidstypiske livsstilmarkørar. Boka tilfredstiller alle ytre krav til eit samtidslitterært verk anno 2020: aktualiteten, sjargongen og sjølviscenesetjinga.

Sjølvframstilling

Mellom prosatekstane, som står seg godt som enkelttekstar, vert ein forteljande tråd spunnen der den biografiske forfattaren er hovudaktør. Han driv rundt i Oslo, drikk, sit på Deichmanske bibliotek, treffer vener og reiser til Bergen for å skjøtte jobben som skrivelærar på Skrivekunstakademiet.

Det er interessant å sjå at sjølvframstillande litteratur av den særeigne og kompromisslause typen vi finn i denne boka, fører ein utover samtida og attover i litteraturen. Langeland gjer det sjølvreflekterande og sjølvreferansen til eit litterært hovudprinsipp, der til dømes formspørsmål vert innbakt i tekstane.

Sjølvframstillande tekstar er ikkje er noko nytt. Augustin skreiv sin sjølvbiografiske Confessiones på 400-talet e.Kr. I nær norsk fortid hadde den sjølvrefleksive litteraturen ei stordomstid på 1980-talet. Åttitalsforfattaren Tor Ulven er, blant fleire, ein gjennomgangsreferanse. Sjangernemninga prosastykke er tidlegare brukt av Ulven, på prosaboka Fortæring.

Springande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement