Bok
Former for liding
Eit sentralt verk i latinamerikansk samtidspoesi er kome på norsk.
Raúl Zurita vart arrestert og torturert under Augusto Pinochets militærkupp i 1973 og levde i Chile i heile perioden med diktatur.
Foto: Ukjent / Kolon forlag
Ofte vert berre eit nennsamt utval av ein utanlandsk diktar gjendikta til norsk. I den chilenske matematikaren, ingeniøren og poeten Raúl Zuritas (f. 1950) tilfelle ville det vere vanskeleg berre å basere seg på eit utval utan å miste mykje. Pedro Carmona-Alvarez har gjendikta heile debutboka til Zurita, Skjærsild frå 1979.
Skjærsild er ei svært samansett bok som består av verbale og grafiske dikt, brev frå ein psykiater, og ja, på slutten av boka finn ein fleire prenta elektroencefalogram. Det finst eit sterk indre samband mellom dikta, og dei utdjupar kvarandre støtt.
Fengsla
Zurita opplevde å bli fengsla etter kuppet mot Salvador Allende i 1973, og han blei seinare vilkårleg banka opp på gata av politistyrkane til diktatoren Pinochet. Etter denne siste episoden skal poeten, ifølgje det opplysande etterordet til Carmona-Alvarez, ha gått heim og brennmerkt seg på kinnet, ei hending som fleire av dikta nemner: «Jeg ødela mitt forferdelige ansikt/ foran speilet/ jeg elsker deg – sa jeg til meg selv – jeg elsker deg».
Tittelen syner til Dantes Guddommelege komedie. Brennmerkinga er, i tillegg til å vere ein konkret respons på den kristne oppmodinga om å vende det andre kinnet til, ein type konkret smertefull skriving, som Zurita ønskjer å innlemme i poesiomgrepet. Ein kan sjå det som teikn på at han ønskjer å sprenge diktet or diktbokas format. Han vil så å seie ha diktet ut på gatene og gatene inn i diktet.
Kryssande liner
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.