JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Forfattaren som pornostjerne

Noen måneder i livet mitt handlar om ein forfattar som vert hardt råka av si eiga litterære utforsking og eksperimentering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Michel Houellebecq har skrive eit sjølvbiografisk, polemisk forsvarsskrift.

Foto: Francois Berthier / Cappelen Damm

5318
20240209
5318
20240209

Sakprosa

Michel Houellebecq:

Noen måneder i livet mitt

Cappelen Damm

Hausten 2022 og våren 2023 vart den franske forfattaren Michel Houellebecq råka av to svære skandalar. Fyrst gjaldt det utsegner om muslimar og ein mogeleg borgarkrig i Frankrike, og deretter det franskmennene kallar «pornofilmaffæren», eit filmopptak av eit middels vellukka samleie med ei kvinne som ser ut til å ha vore nytta til å bondefanga den elles så urbane Houellebecq.

Både islam og innvandring og sex og pornografi er gjengangarar i forfattarskapen til Houellebecq. Likevel kan ein seia at hovudtemaet hans heller er sivilisasjonskritikk, særleg tydeleg i romanen De grunnleggende bestanddeler (1998) og eit av hovudverka, Muligheten av en øy (2005). Her vert den vestlege kulturutviklinga analysert som ein veg mot transhumanismen, det vil seia: utviklinga av det genteknologisk modifiserte mennesket som har tapt menneskelegdomen sin.

Skrekkvisjon

Dette nye mennesket er utan lidenskapar, tvil, smerte og liding – det er òg utan kjærleiksliv. I denne skrekkvisjonen av framtida vert reproduksjonen sørgd for med systematisk kloning i eit autoritært velferdssamfunn der fridom korkje finst eller vert sakna. Dimed får det frie seksuallivet hos Houellebecq ei opposisjonell rolle.

Men her ligg eit paradoks hos han. For elles skildrar han ofte den seksuelle frigjeringa nett som eit stadium på vegen mot lidenskapsløysa. I Muligheten av en øy lèt han ein hippieaktig kult sentrert om seksuell utleving utvikla seg til ein verdsreligion der den kristne lovnaden om det evige livet til menneskesjela vert erstatta med lovnadene til transhumanismen om den udøyelege kroppen.

No vert Houellebecq altså råka av den største personlege skandalen i karrieren hans nettopp gjennom den seksuelle grenseløysa som i romanane hans er kjenneteikn på undergangen til sivilisasjonen. Noen måneder i livet mitt er mellom mykje anna eit vitnemål om korleis skamma kan råka også den vi trur er skamlaus.

Forma skandalen tok, seier òg litt om korleis ålmenta fungerer i jakta på avvikaren. Hausten 2022 kom det franske tidsskriftet Front Populaire ut med ei attgjeving av ein lang samtale mellom Michel Houellebecq og Michel Onfray. Hovudtemaet var Fin de l’Occident? eller spørsmålet om «Vestens undergang». Men ålmenta gjekk med instinktiv visse rett på Houellebecqs flåkjeft om muslimar, innvandring, borgarkrig, deportasjon og så bortetter, medan det fundamentale spørsmålet om Vesten kan overleva, kom i andre rekkje.

«Forma skandalen tok, seier òg litt om korleis ålmenta fungerer i jakta på avvikaren.»

Ei orsaking

Dei ti første sidene i Houellebecqs pamflett er ei vedkjenning av og orsaking for å ha vore lausmunna, upresis og uforsiktig. Han rosar òg forstandaren ved Stormoskeen i Paris for hjelpa han fekk til å søkja forsoning med det muslimske miljøet.

Resten er porno. Her meiner Houellebecq seg lurt til å ha late seg filma i ein intim situasjon med ei kvinne som vart sagd å sjå opp til han, og som berre skulle nytta det filma samværet privat. I røynda skal ho ha vore ein slags agent for ein økonomisk spekulant som snytte Houellebecq med ein kontrakt som stal alle rettane hans.

Kor grunngjeven er den offentlege interessa for alt dette? Houellebecq kallar det ei valdtekt, der «mitt intime liv mot min vilje blir lagt ut til massiv beskuelse på internett», han sokk ned i eit «helvete» der det gjekk opp for han at «pornofilmen ville aldri bli glemt», og «skammen (...) kom til å overleve meg». Pamfletten lèt oss såleis på nært hald fylgje kampen til ein offentleg person for å overleva etter ein tabbe.

Endå ei iscenesetjing

Det overraskande kan vera at Houellebecq ikkje seier noko om sjølvironien i denne tabben. Dette handlar jo om ein forfattar som vert hardt råka av si eiga litterære utforsking og eksperimentering når det gjeld det seksuelle, samstundes som romanane hans er fulle av lagnader som vert ruinerte av nett det same.

I Noen måneder i livet mitt kallar Houellebecq den seksuelle blygsemda «en tvilsom følelse som det hadde vært best å bli kvitt», samstundes som berre litt meir blygsemd ville ha verna han mot å hamna «i helvete». Stammar ikkje blygsemda òg frå ei instinktiv visse om at seksualiteten med alle gledene sine er full av farar som kan ruinera livet? Meir enn noko anna er det desse farane som syner seg i denne pamfletten, men utan det gjennomskodande blikket og den skarpe analysen som elles pregar Houellebecq når han skriv.

Overraskande er det òg at Houellebecq, som både i forfattarskapen sin og i personleg oppførsel har tøygd og kryssa grensene for det sosialt akseptable, i det heile kjende trong for å kommentera denne nyaste seksuelle skandalen. I byrjinga av pamfletten skriv han om seg sjølv at han «trenger å prøve ut ekstreme og til og med selvmotsigende synspunkter før [han] kommer frem til det [han] kan stå inne for». Det pregar forfattarskapen hans, og kanskje skal Noen måneder i livet mitt lesast også i dette lyset. Pamfletten vert då endå ei ny iscenesetjing av ein forfattar som i grunnen alltid har handsama sin offentlege persona som eit eige kunstverk.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis