Bok
For mykje moralisme
Adam Tooze vil vera historikar. Han endar som moralist.
Adam Tooze ovundrar særleg Ben Bernanke og den amerikanske sentralbanken FED, skriv Jon Hustad.
Richard Drew / TT / NTB scanpix
Crashed er ei stor bok, stor i omfang, stor i ambisjon. Boka kjem til å verta ståande som eit referanseverket om kvifor vi fekk finanskrisa i 2008 og etterverknadene. Alle fagfolk som driv med finans og historie, må ha lese henne, noko vi alt no ser av den internasjonale debatten om boka.
For å gjera boka attkjenneleg for lesarane av Dag og Tid: Helten i boka er Paul Krugman. Skurken er Niall Ferguson. Ja, det er faktisk sant. Dei to får mykje merksemd. Alle konservative europearar er elles bandittar. Dei masar nemleg om kultur og skuld og snakkar om gjeld som eit problem.
Krugman, og svært mange amerikanske økonomar med han, meiner derimot at pengetrykking og motkonjunkturtiltak kan berga verda. Der er Tooze òg. Hånen han har andsynes Angela Merkel og Bundesbank, er stor, ovundringa for særleg Ben Bernanke og den amerikanske sentralbanken FED nær uavgrensa.
Irriterer
Lat det vera sagt med ein gong: Boka irriterer meg sterkt. Eg forstår ikkje kva som har skjedd med Tooze, som for nokre år sidan skreiv boka The Wages of Destruction, som er vorte det engelskspråklege referanseverket om den tyske naziøkonomien (den var ikkje så imponerande). Tooze har vidare skrive om den europeiske økonomien før nazistane tok over; han skal med andre ord kunne Europa, kunne Tyskland og kunne europeisk kultur.
Han ignorerer likevel europeiske kulturskilnader nær totalt, og har knapt respekt for dei konstitusjonelle avgrensingane den tyske grunnlova og grunnlovsdomstolen set på trykking av pengar og finansiering av statar gjennom pengepolitikk utanfor demokratisk kontroll. Og dette kjem altså frå ein mann som verkeleg burde forstå ut og inn kvifor Tyskland har fått den grunnlova dei har, og kvifor Bundesbank er heilt uavhengig. Sidan han er professor ved Yale, burde han kanskje òg ha nytta høvet til å fortelja dei amerikanske lesarane at det er nett USA som har gjeve Tyskland denne grunnlova. Men nei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.