For mykje for pengane
Henrik H. Langelands siste roman kunne sagt litt meir og prata litt mindre.
Henrik H. Langeland har fullført trilogien om Christian von der Hall.
Foto: Ivar Kvaal
Roman
Henrik H. Langeland:
Showtime!
Cappelen Damm
Det har ikkje vore stille rundt Henrik H. Langelands Showtime! – den avsluttande boka i trilogien om Christian von der Hall. Blant anna hamna Cappelen Damms Knut Gørvell og Dagbladets kritikar Cathrine Krøger i ein heftig debatt etter Krøgers terningkast 2. Andre bokmeldarar har delt seg mellom jubel og naserynking. Sjølv har eg knapt krefter igjen til å skrive denne meldinga etter å ha lese den utmattande romanen.
Mangel på dynamikk
Vår mann Christian frå Wonderboy (2003) og Fyrsten (2013) er no blitt 57 år, han eig eventselskapet Showtime! og deltar i eit gründerprogram på TV. Han er gift med direktøren på Nationaltheatret og har eit sidesprang med unge, blonde Madelen på jobben. Som i finansverda elles har han inga interesse av å feste seg ved småsummar, inn- eller utgåande, på ei anna side er heile livsverket truga. Det er store krefter i sving der ute i pengeverda, og ingen av dei er velmeinande. Christians disposisjonar har heller ikkje alltid vore reinhårige og vender seg no mot han.
Som tidlegare i trilogien er det nok av samfunnssatire å spore også i årets roman. Dei som er i dette miljøet, kan vel vere greie nok slik dei blir skildra, men dei er aldri pålitelege, alle tenkjer på seg sjølve, alle vil oppnå noko med ein relasjon. Artistar og andre kjendisar er mest verktøy i hendene på finansfolka – noko å smykke seg med på eventar. Romanen er eit djupdykk i overflate, om ein kan seie det slik.
Det er nokre underhaldande strekk i romanen, kledd i eit til tider rikt og livleg språk. Det er berre det at etter 200 sider er eg utsliten. Då er det 289 sider igjen. Det hjelper ikkje at språket innimellom er til glede når ein druknar i dei same inspirerte, satiriske formuleringane heile vegen, utan dynamikk i forteljestrukturen. Her er vi nemleg inne i Christians hovud, utan pause, han oppsummerer noko som har skjedd, gruer seg til noko som skal skje, eller lurer på om han skal ta den telefonen, eller kanskje vente litt. I mengdene dette førekjem i, kjennest det trivielt og overveldande, og eg lurer på kvifor ikkje lesaren kan få ein pause mens Christian tenkjer på sitt. Vi kan komme tilbake når han har nådd ein konklusjon.
Andre gonger er det berre omstendeleg, utan språklege kvalitetar: «Dette hadde på ingen måte gått etter planen. I den grad det hadde vært noen plan. Men nå var det ingen vei tilbake. Snarare tvert om, nå gjaldt det å stå løpet ut.»
Ikkje noko nytt
Fleire sider med inkjeseiande SMS-utvekslingar hjelper heller ikkje på tolmodet. Heller ikkje at lesaren fleire gongar skjøner – lenge før Christian – kva som skal skje. Ein får ikkje ei kjensle av at ein sjølv er spesielt intelligent, men at Christian er lovleg korttenkt. Det største problemet er likevel at boka ikkje kjennest spesielt viktig. Det er ikkje noko nytt i sjølve finanssatiren (lenger), det måtte i så fall vere kor langt ein kan tvære satiren ut i romanform. Det er vanskeleg å engasjere seg i Christian og hans næraste og fjernaste, i hans «gjøren og laden», og då blir forfattarens val om å slå alt dette opp på eit lerret på størrelse med universet gåtefullt. Kan materialet forsvare formatet? Nei.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er nokre underhaldande trekk i romanen, kledd i eit rikt og livleg språk.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.