JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

3749
20240516
3749
20240516

Roman

Ida Fjeldbraaten:

De andres liv

Cappelen Damm

Det er ikkje mykje tiltak i hovudpersonen. Men det er det i romanen. Hovudpersonen er ei kvinne som skulka skulen for å sitte heime og sjå reality-seriar, og som i sitt vaksne liv stort sett har halde fram med det. Mora ringer stadig for å høyre om ho har fått dreis på livet sitt, broren Thomas går same ærend, men meir avslappa. Kvinna et ferdigproduserte nudelrettar, gløymer å dusje, lèt oppvasken stå, ignorerer rekningar og avtalar med Nav, går sjeldan ut; både ho og bustaden er i forfall.

Friksjon skapar god TV

I tilbakeblikk får vi høyre om eit oppdrag ho fekk som loggar under innspelinga av ein reality-serie. Oppgåva var å følge med på kameraa som var installerte i deltakarhuset, og markere med fargar kva for relevans dei ulike hendingane hadde for klippinga. Relevans oppstod ifølge produsenten når dei oppdaga friksjon og konfliktar mellom bebuarane.

«Ida Fjeldbraaten har skrive ei uroande soge om kvar vi er på veg.»

Når det første vi får vite, er at alle dei innesperra deltakarane har mentale lidingar, og at konseptet går ut på å overlate behandlingsmetodane til deltakarane sjølve, anar vi uro, for å seie det mildt. Ein er suicidal, ein har bulimi, to er rusmisbrukarar, ein har PTSD og rulleblad knytt til vald. Dei får alt dei ber om i kommunikasjonen med produksjonsteamet, sprit, øl, vin, mat, godteri, sigarettar, men held dei opp ein plakat med «Eg vil ut», er det ingen respons å få.

På grunn av komplikasjonar – for å seie det mildt – i utgangen av «showet», blir serien aldri send. Kvinna går vidare i livet og rake vegen inn i forfallet i notida. Når ho greier å skaffe seg ein slags jobb (heimanfrå), er det òg knytt til reality-konseptet, med podkastar.

Realisme og satire

Er det realisme Ida Fjeldbraaten har skapt med De andres liv, eller ein satire? Det er begge delar. Romanen er for truverdig til å vere rein satire og for langt strekt til å vere rein realisme.

Balansen er elegant turnert av ein forfattar som viste seg å ha ei sterk litterær stemme alt med debutromanen Jerv (2020), ei fundamentalt annleis bok enn årets. Når forfattaren kan opne så ulike avdelingar i verktøykassa si, er det imponerande.

Romanen vekslar mellom tider og mellom kliniske loggrapportar frå produksjonsteamet og ein «behind the scenes»-versjon av det som eigentleg skjedde i redaksjonen under innspelinga. Lesaren får hoppe inn i stoffet frå ulike kantar og trekke eigne slutningar. Likevel finn vi eksplisitte setningar som merkeleg nok aldri, i konteksten, verkar overtydelege: «Internett er uendelig, det er fråtseri, tidsfordriv og et sted å hvile. Det er drømmer, ydmykelse og fordømmelse. Historiene der inne gjentar bare seg selv.»

Historiene i hovudpersonens liv gjentar seg òg, i sin stillstand utanfor røyndomen. Det er samstundes ikkje noko i vegen med refleksjonsnivået hennar. I møte med bebuarane i huset tenker ho: «Det er som å sitte og se på en gjeng som drukner. Idet noen får hodet så vidt over flata, drar en av de andre henne ned igjen.»

Ein deltakar reagerer med å isolere seg, ein annan blir forløyst. Og når kvinna er overlaten til seg sjølv, er det vanskeleg å sjå kva behandling som kunne gagna henne, så lenge ho verkar verken motivert eller rusta for betring. Kva har samfunnet snytt henne for?

Ida Fjeldbraaten har skrive ei uroande soge om kvar vi er på veg. Då tenker eg ikkje at vi alle skal bli internettfornektande dinosaurar, men kanskje vi skal løfte blikket og sjå kva for ei suppe vi til kvar tid står i. Slik alt dei gamle grekarane ... og så vidare.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis