Bok
Flyttbart språkgods
Pedro Carmona-Alvarez byr på poetiske forbindelsar glødande av tydingsrikdom.
Pedro Carmona-Alvarez vidarefører den litterære samtalen i den nyaste diktsamlinga si.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
I Inventarium av Pedro Carmona-Alvarez er eit biografisk-lyrisk minnearbeid på gang. Eksilerfaringa, det å ha ein barndom og ei slekt frå eit anna land, kjem sterkt til uttrykk i dikta. Likevel stampar dei ikkje rundt i den eigne forteljinga, dei lyftar seg til eit allment nivå: Eget i dikta er eit pronomen som representerer fleire.
Tematikkar kjende frå forfattarskapen til Carmona-Alvarez strøymer i desse dikta: eksil, barndom, politisk vald, flukt, død, sorg, sakn, slekt. Ein kan gå til den utruleg fine essayboka Refrenger frå i fjor for å observere noko av forfattarens «skrekkelige repertoar», sjølv om det også må strekast under at Inventarium ikkje berre kan reduserast til lyriske illustrasjonar av essaya og motiva i forfattarskapen. Carmona-Alvarez kombinerer i Inventarium ein musikalsk sans for lyrisk motivutvikling med teft for dei suggestive bileta og, ikkje minst, med ei innlevande lyrisk røyst som freistar å femne om alt som er i drift.
Inventarium byrjar med å liste opp metaforiske koplingar, som viser at orda, tinga, minna og fenomena omstøyter seg, nett fordi dei har karakter av å vere lausøyre, flyttbart gods utan fast plass. «Nelly Sacks/ skriver: Forlatte ting slår røtter/ i den flyktendes øyne». Jamvel om diktboka kan betraktast som eit lausøyreregister, slik tittelordet indikerer, dreiar ho seg like mykje om verbet tittelordet er avleidd frå, invenire: å finne eller å avdekke. I retorikken opererer ein med den såkalla inventio-fasen, der ein leitar etter moment for talen utan omsyn til rekkefølgja eller språkmoduleringa. I denne boka leitar eget etter si eiga fortid for å finne sitt eige liv, som også alltid inneber livet til andre, til slekta, vener, staden, mytane og segnene.
Som minna er orda spente ut mellom «gjenkjennelse» og «forvandling» slik at dei støtt pådreg seg ny tyding. Det gjeld til dømes hesten, eit høgfrekvent motiv i dikta: «Jeg ble til alle hester, rekreasjonsdyr/ terapidyr, statussymbol og pastoral trøst/ kentaur, hestehale og hastighet... jeg ble født i Troja»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.