JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Finsk bøddel og
bergingsmann

Feltmarkskalk av Finland, Carl Gustaf Emil Mannerheim, er med alle sine motsetnadsfylte fasettar eit prisme for finsk 1900-talshistorie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mannerheim (til høgre) fekk elddåpen sin ved Mukden i Mandsjuria under den japansk-russiske krigen i 1904–5. Der stod han i fyrste line; kulene beit liksom ikkje på han. Meir enn 20.000 fall i dette truleg største slaget i soga før verdskrigen.

9414
20171103
9414
20171103

Finland feirar 100 år som sjølvstendig stat i haust, med 6. desember som sjølve dagen. Ein inngang til soga om dette fascinerande nabofolket er å sjå Finlands kamp for sjølvstende gjennom éin mann: marskalken av Finland, Gustaf Mannerheim.

Den svenske historikaren Herman Lindqvist gav i haust ut ein spanande og fargerik biografi om denne mannen: Mannerheim – marsken, masken, myten. Feltmarkskalk av Finland, Carl Gustaf Emil Mannerheim (1867–1951), var ein tsaristisk, svensktalande offiser som tala dårleg finsk. Fem krigar utkjempa han, den siste i våpensamband med Hitler frå 1941 til 1944.

Ikkje mange finnar har vore både meir hata og ovundra enn nett han. I lagnadsfylte tidsrom var han alltid å finna i spissen for dei væpna styrkane eller i framskotne posisjonar politisk på den nasjonale ytterkanten. Han var både riksforstandar (sju månader i 1919) og president (1944–46). Han vart hata for hemnvalden mot dei raude i borgarkrigen våren 1918 og hylla til himmels som nasjonal bergingsmann under Vinterkrigen i ulivsåret 1939–40, då Stalin sende hundretusen soldatar mot det vesle landet. (Resultatet vart 26.000 drepne finnar av eit folk på litt over tre millionar; heile 260.000 russiske soldatar vart drepne.)

EIN FINSK DE GAULLE

Kan hende var han endå meir avgjerande i Framhaldskrigen 1941–44, då han fekk vikla Finland ut or den pragmatiske våpenbrorskapen med Nazi-Tyskland og slutta fred – ein hard fred – med Stalin. Då miste Finland 10 prosent av territoriet sitt. I 1919 skulle han vitja Christiania, men norsk arbeidarrørsle truga med demonstrasjonar. Mannerheim fann det tryggast å halda seg heime.

Så kven var han? Mannerheim kom til verda i ein adeleg familie i hungeråret 1867 i Villnäs slott, 30 kilometer vest frå Åbo. Svoltkatastrofen var fælsleg, tiggarskarar drog langs vegane og tok med seg tyfus. Over hundre tusen finnar omkom dette eine året.

Han kom til verda då kavaleriet framleis utgjorde hovudtynga i armeane, og han vart sjølv send ut på verdsmarknaden som ung offiser for å kjøpa hestar til tsarhæren. Marskalken gjekk ut or tida då Finland var fastfrosen i kald krig og tungt forankra på grunn av atomvåpena i den vestlege maktsfæren – med fosterlandet ubehageleg kloss opp til Sovjet-kjempa.

«Finlandisering» var spottordet for Finlands innanrikspolitikk då. Men dei som seier slikt, gløymer at Stalin hadde tiltenkt Finland status som sovjetrepublikk etter baltisk mønster. Mannerheim var ei av årsakene til at Finland heldt seg sjølvstendig. Difor: ein lagnadsperson i finsk soge på godt og vondt. Ein finsk de Gaulle, berre meir aristokratisk, og nok lenger ut i til høgrekanten enn Sir Winston, men like fascinerande.

CARL GUSTAF

Heile livet tala han russisk betre enn finsk, med fransk som andrespråket, etter morsmålet svensk. Menyane i heimen hans i Brunnsparken i Helsingfors var alltid på fransk. Sjølv omtala han seg aldri som finlandssvensk, berre som ein finne som tala svensk. Han greidde seg bra på seks språk.

16. september 1887 svor Mannerheim faneeiden i den keisarlege russiske armeen. Han skulle ta til på kavaleriskulen med tanke på å bli kadett i chevaleriegarden, ein eliteformasjon som heldt vakt ved store keisarlege høgtider.

Fyrste delen av den militære karrieren hans kom til å vera i Russland, til han i 1918, etter Oktoberkuppet i Petrograd, vart avsett av bolsjevikane og vende heim for å berga fosterlandet frå revolusjonen. Før det hadde han fått elddåpen og kjempa tappert ved Mukden i den japansk-russiske krigen 1904–5. Der stod han i fyrste line; kulene beit liksom ikkje på han.

FINLANDSBEGEISTRING

Men nett relasjonen til tsarane gjorde også tenestetida hans i Russland til eit mangetydig spel. Under fyrste verdskrigen, til dømes, var han som russisk offiser stasjonert i Galizia i Polen, som då låg under Russland. Tsardømet gjekk sunder under føtene hans i kaos og revolusjon. Men han skjøna polakkane og ville ikkje skyta på folk som kjempa for sin eigen fridom frå Russland.

Tida i Polen, frå 1909 til 1914, såg han sjølv på som den lukkelegaste i livet. Der fekk han sannsynlegvis òg ei dotter med den gifte fyrstelege Maria Lubomirska.

Det var i Polen Mannerheim byrja tenkja som ein finne: Russland ville alltid vera der, men Finland måtte bli sjølvstendig. Gradvis sprengde den politiske ambivalensen seg fram i han. Oppglødd vart han finsk nasjonalist.

Hausten 1917 såg han at kampen no ville stå om kven som skulle styra Finland. Borgarkrigen stod for døra. Der skulle Mannerheim bli utslagsgjevande. Han trampa ein kvit armé så å seia opp frå inkje og slo dei raude ned i fleire blodige slag. Etter krigen sat 80.000 raude i fangeleirar. Dei som tapte, slo seg ned i Sovjet og bygde opp det finske kommunistpartiet. Dei fleste der fekk ein trist lagnad; dei bukka under i Stalins GULag-leirar, som offer for diktatorens paranoide sinnelag.

IMPERIALT VERDSSYN

Tida i Russland hadde gjeve Mannerheim eit imperialt verdsblikk. Det gjorde han til ein betre strateg enn mange av dei samtidige. Han såg Finland innafor ei europeisk ramme, trengt saman som landet var mellom tre imperiemakter: Sverige, Russland og Tyskland. Især måtte landet få eit ordna tilhøve til den austlege naboen.

Men det måtte vera eit «normalt» Russland, ikkje eit bolsjevikisk. Heile livet var han sterkt antikommunistisk.

FINSKE KRIGAR

Mannerheim meinte at finske krigar måtte bli førte av finnar sjølve. Han heldt difor ein kritisk distanse til Tyskland og vart rasande då eit tysk ekspedisjonskorps under borgarkrigen våren 1918 tok mykje av æra for å ha nedkjempa dei raude. (13.000 kom, og dei marsjerte fyrst inn som sigrarar i Helsingfors; månaden etter kom Mannerheims eigne troppar.)

Andsynes nazismen heldt Mannerheim ideologisk også ein kritisk distanse; han meinte nazismen var brutal og primitiv. Men samarbeide kunne han, realpolitikar som han var. Då Mannerheim fylte 75 år i 1942, kom Hitler overraskande på vitjing. Føraren var i perlehumør og fekk vegetarmaten sin. Finnane lova då at dei ikkje skulle gå inn i allianse mot fiendar til Nazi-Tyskland. Men det vara ikkje lenge.

KALD HAND

Gong på gong søkte Mannerheim svensk hjelp, under borgarkrigen, under Vinterkrigen, under Framhaldskrigen. Men nei. Sverige ville ikkje sende troppar, men lét friviljuge få reisa og sende våpen og andre forsyningar.

Vi veit no at Mannerheim var særs aktiv for å få tysk hjelp i Framhaldskrigen frå 1941. Målet var å få attende finsk land og samstundes gjere slutt på bolsjevismen. Alt i desember 1940, medan den tysk-russiske ikkje-åtakspakta enno stod ved lag, byrja forhandlingane med Göring om eit tysk-finsk våpenbrorskap.

AMBIVALENT ALLIANSE

Det tysk-finske våpenbrorskapet heldt seg til hausten 1944. Ein kan kanskje seia at toppunktet i Mannerheims karriere som finsk øvstkommanderande kom då han fekk vikla landet ut or famntaket til Hitler.

Den militærstrategiske situasjonen seinsommaren 1944 var at alle såg at Stalin ville koma sigrande ut or titananes kamp. Åtaket frå Japan på Pearl Harbor den 7. desember 1941 letta trykket på Stalins austflanke. Stalin kunne flytta 20 divisjonar mot vest, til kamp mellom andre mot Finland, som då stod langt inne på russisk område.

No måtte Finland slutta fred med Sovjet – ikkje for brått, slik at Hitlers 214.000 friske soldatar i Nord-Finland kunne slå til à la Italia og hærsetja landet og gjera det til valplass for framrykkande sovjetsoldatar, men heller ikkje for seint slik at Stalin kunne seia at han ville slå to fluger i ein smekk: slå Nazi-Tyskland og den finske «fascismen», som han kalla Mannerheim, i eit gigantisk slag. Finland ville då gå med i ragnaroktapet og bli som Estland.

GENIAL TAKTIKK

Det var president Risto Ryti som hadde kome med lovnaden om ikkje å gå inn i alliansar mot Hitler. Mannerheim var nett utnemnd til Finlands president, og 17. august 1944 kunngjorde han til generalstabssjef Wilhelm Keitel at han ikkje kjende seg bunden til forgjengarens lovnader om ikkje å slutta separatfred med russarane. Hitler skal då ha sagt: Mannerheim er ein god soldat, men ein ussel politikar.

Men det berga Finland. Det kom til harde kampar nord i landet mellom Lapplandsarmeen og finske troppar. General Rendulic gav ordre om den brende jordas taktikk, og 90 prosent av Rovaniemi vart lagd i grus. Men landet vart ikkje okkupert av nokon.

SKÅNSELLAUS FRED

Då Molotov presenterte dei harde fredsvilkåra, sa han at traktaten måtte underskrivast før klokka 12.00 den 19. september 1944. «Om ikkje okkuperer vi heile landet.»

I Framhaldskrigen hadde Finland mist 63.200 soldatar, og 158.000 vart såra, medan 256.000 sovjetiske stridande døydde og 600.000 vart såra. Nok ein gong var Vyborg og Karelen på russiske hender.

Mannerheim fekk tilbod om kvileheim på Krim, men tok ingen sjansar og drog til Portugals sol for reumatismen sin. I 1948 sa Stalin: «Eg lyfter glaset mitt for Finlands armé og dei herverande representantane.» Ved same høve i Kreml sa han at Finland stod i stor takksemd til Mannerheim. Det var hans forteneste at ikkje Finland vart hærteke. Sa Stalin. Han visste.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og på Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mannerheim meinte at finske krigar måtte bli førte av finnar sjølve.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis