JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fellesskap, overskriding og utstøyting

Ved hjelp av enkle middel seier dikta til Svanhild Amdal Telnes noko vesentleg om samfunn og menneske i ein utsett posisjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Svanhild Amdal Telnes er fødd i 1994 og voks opp i Seljord. Ho er psykolog og har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Foto: Julie Pike

2869
20220114
2869
20220114

Dikt

Svanhild Amdal Telnes:

Å jage ein hjort i døden

Gyldendal 2021

Svanhild Amdal Telnes vart i 2018 nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktboka Om natta brukar mor dråpeteljar.

I den andre diktboka hennar, Å jage ein hjort i døden, vert ei ettersivilisatorisk verd skissert opp. Den moderne, industrielle og teknologiske verda er tilbakelagd til fordel for ei enklare livsform og ein ny samfunnsformasjon.

Nokon har rodd ut frå fastlandet, brent båtane sine, busett seg på ei øy og isolert seg frå resten av verda. Dei vande familierelasjonane er oppløyste, alle vert anten omtala som «onklar» eller «tanter», «bror» og «syster» – og «alt er/ flytande, felles og delbart.» Dei bur i hytter og livnærer seg av sanking og jakt. Det som er knytt til fastlandet og fortida, er forbode å minnast – sjølv om det nye samfunnet verkar å vere ein regresjon, ein tilbakegang til noko enklare.

Poetisk forteljing

Det lyriske eget, som er ei ung jente, oppdagar at hendene hennar har lækjande krefter då ein av brørne hennar vert sjuk. Etter ei stund verkar det som posisjonen hennar er utsett idet dei ekstraordinære evnene gjer at ho skil seg frå fellesskapen: «Eg sovnar som syster (...) og eg/ vaknar som ulv.» Og det er slett ikkje så sikkert at soga endar godt for eget: «Hendene mine er faklar/ og alt rundt meg skal brenne.»

Enkeltdikta gjer nedslag, skisserer små sekvensar, episodar og punkt, men til saman dannar diktboka ei forteljing om denne nye samfunnsformasjonen. Det er mogleg å lese den poetiske forteljinga på ulike nivå: som eit sivilisatorisk samanbrot i kjølvatnet av ei økologisk krise.

Utanfor fellesskapen

Samstundes skildrar dikta freistnaden på å bryte ut av mønstera ved at nokon lever annleis enn hopen. Samfunnet på øya støyter seg ut frå fastlandssamfunnet, og det lyriske eget vert utskild frå øyfellesskapen gjennom dei lækjande evnene. I tillegg verkar dette samfunnet å dyrke nokre tabu som gjer at det får ubehagelege totalitære trekk.

Svanhild Amdal Telnes skapar eit bilete og eit univers som gjer det mogleg å kjenne og sjå dynamikkar mellom ulike grupper, og korleis det er å hamne utanfor fellesskapen. Sjølv om dikta skildrar overskridande krefter, er dei disiplinerte, berre sjå alle dei gjennomførte motiva som har med overgangar, overskridingar og overgangsritar å gjere: overgangen frå fastlandet til øya, frå sivilisasjon til eit arkaisk, enklare samfunn, frå fellesskapen til individ til utanforskap, frå barn til vaksen, frå menneske til dyr.

Språket er undrande, roleg, og det eig ei særeigen rørsle og kraft.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Sjølv om dikta skildrar overskridande krefter, er dei disiplinerte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis