Bok
Familiekrønike
Jonas Gardells roman er sterk og gripande, men går litt over sine breidder.
Jonas Gardell har skrive ein roman basert på eigen oppvekst.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Når forfattar og komikar Jonas Gardell gir ut ein mursteinsroman basert på eigen oppvekst, er det særleg mora Ingegärd som står i sentrum. Ho har vakse opp i ein frikyrkjeheim og er sterk i trua (i religiøs forstand), men ho trur òg på menneskets fridom, på glede og på grensesetting, og ho trur at alt kan vere sant berre ein sjølv trur det. Gardell skildrar ein familie som samstundes ikkje toler veikskap, så her er ein nøydd til å dikte opp historier om seg sjølv og andre for å bevare inntrykket av at alle er ved sine fulle fem, friske og frie.
Vennleg fordømming
Romanen er eit portrett av ei fargerik kvinne som er lett å bli glad i, men òg ei skildring av ein oppvekst i eit type «einsretta» Sverige: «Landet hans var Folkhemmet som skulle romme alle. Én felles fortelling som utelukket alle andre, alternative fortellinger.» Som i Noreg i 60- og 70-åra hadde ein eit lite utval av TV- og radio-kanalar; alle såg og høyrde på det same. Det er noko trygt i dette, men samstundes kan det bli ekskluderande, fordi det ikkje skal mykje til før nokon eller noko skil seg ut. Som eksempelvis homofile Jonas Gardell kunne gjere.
Den frikyrkjelege omgangsforma har fått sin del av merksemda, korleis ein kunne snakke til kvarandre som om ein sa noko venleg, for venleg skulle ein jo vere, men kor det eigentleg var tale om fordømming. Gardell skriv presist om dette fenomenet: «Dobbeltheten, den underliggende trusselen, er så å si innebygd i selve religionen. Denne måten å snakke på, denne påståtte vennligheten, kan for en utenforstående oppleves så vel forvirrende som usympatisk. En ydmykhet som ikke viker en millimeter i sin beinhardhet.»
Kyrkjelyden familien Gardell høyrer til, ventar på at Jesus skal komme tilbake, og i mellomtida veks Jonas og søskena opp med den omsorgsfulle mora og den distanserte faren, som til slutt forlèt familien heilt. Dei reiser på ferie til Kosterøyene, det er eit styr kvart år å kome seg av garde med alt pikkpakket i den vesle bilen, men øyene er eit paradis å komme fram til. Ettersom åra går, flyttar ungane ut og får eigne liv, og Ingegärd glir inn i demens.
Poeng som går i loop
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.