JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fabelaktig

Det er ein fryd å vere lesar i møte med Erik Fosnes Hansens siste roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erik Fosnes Hansen debuterte som 20-åring. No er bøkene hans omsette til 36 språk.

Foto: Morten Krogvold

3474
20201211
3474
20201211

Roman

Erik Fosnes Hansen:

Langs landeveien mellom Cottbus og Berlin

Cappelen Damm

Korleis ville du likt å ete eggedosis med friterte hanekammar og honningsøta moldvarpaspik med savoyardkjeks? Ville du valt den okkulte linja på ingeniørhøgskulen? Ville du søkt på stillinga som rådsherre for kultur, konsertar og lettvint underhaldning, eller ville du kanskje vore leiar i blyantspissarlauget? All interesse kring dette må i så fall rettast til forfattar Erik Fosnes Hansen. Det er han som har skapt dette merkverdige universet som utgjer romanen Langs landeveien mellom Cottbus og Berlin.

Tortur og etikk

Det er eit herleg (og litt urovekkande) univers som er både mellomaldersk og tidlaust, barbarisk og sivilisert, magisk og byråkratisk. Éin plass ligg den unge jenta Freya sjuk med mikrobar og må ha kostbare, homeopatiske granskotdropar annankvar time. Markgrevinne Clotilde sit på slottet, der forgjengarane hennar kviler ut i sine «sarkogaper», og kjedar seg så grenselaust at ho kan kome i skade for å få folk avretta. Barn som ikkje oppfører seg, kan bli både selde og avliva, og her finst mykje oppfinnsam tortur, men det finst òg rettsprinsipp som blir følgde av strenge etiske omsyn.

Oppi dette møter vi levande aviser, brøddeigar og vorter – dei kan til og med kommunisere, kvar på sine vis. Det kan òg den sindige Hunden og den fantasifulle Katten, som nyttar frionsdagane sine saman, dei snakkar både med kvarandre og med menneske. Og dei kvite, opposisjonelle musene lever sitt revolusjonære liv i undergrunnen.

Men alt begynner med at to gullmakarar kjem til Jüterbog, ein eldre og ein yngre. Dei lever av å framstille gull til scenebruk, som underhaldning, i ei tid der ingen brukar gull til noko lenger, anna enn å oppbevare det som valuta i Gullfondet. Derfor er òg gullframstillinga regulert; det er berre lov å lage gull som varer i to timar, deretter må det gå i oppløysing. Dei ulike trådane i romanen blir samla i nettopp denne gullmakarframsyninga, med stor dramatikk og rettsleg etterspel.

Overskotsprosjekt

Ein kan sjølvsagt sjå på romanen som ein satire over vår tid, med fondsforvaltningar, med rettsprinsipp under lupa, over leiareigenskapar eller over i kva grad eit samfunn toler at det er stor forskjell på fattig og rik. I så fall kjem satiren til oss gjennom skrøna, fabelen, ein sjanger Erik Fosnes Hansen beherskar til fulle. Det er altså ein fabel-aktig roman. Med alle sine trådar og underlege krumspring framstår verket likevel som samla og gjennomtenkt, som heilstøypt, sterkt originalt, og som eit overskotsprosjekt.

Med «koret» som stadig kjem inn, gjennom tilskodarar eller medarbeidarar som gjentar noko ein annan har sagt, kjennest det òg som ei blanding av antikkens teater og absurd, modernistisk teater, mellom permar.

Ein gong (i røyndomen) fekk ein nytilsett økonomidirektør på Nationaltheatret ei omvising på huset. Då dei kom til ein prøvesal, utbraut han forbløffa: «Kva gjer alle desse skodespelarane her på dagtid, eg trudde dei spelte om kvelden?» Den same kunnskapsløysa får kanskje gjenklang i utdraget frå Hansens roman, der skodespelarar heng i kokongar i teaterkorridorane, dei er i «kunstnerisk dvale»: «Å… sa den yngste gullmakeren beveget. Er det slik det ser ut i virkeligheten…»

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Verket er sterkt originalt, eit overskots­prosjekt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis