Bok
Europa er ferdig
Ei god bok om det dei fleste av oss visste frå før: Islam tek over. Det er enkel matematikk.
Douglas Murray er ein av desse fyrane som berre Storbritannia lagar. Arrogansen og skrivekunsten er overlegen. Så har då også Europas underlige død selt i rekordopplag. Murray er sjølvsagt utdana ved Eton og Magdalen College i Oxford, og nesten like sjølvsagt gjeve bakgrunnen, open homofil. Fyren er særs intelligent og liberal. Dimed gjev det seg nesten sjølv at han høyrer til på venstresida. Men det gjer han ikkje. For som etter kvart hjå mange intellektuelle homofile har otta for islam teke overhand. Han er djupt konservativ. Murray trur tida for det liberale Europa er over, og det har han sjølvsagt rett i.
Jamført med Churchill
På innvandringskritiske nettsider vert Murray samanlikna med Churchill, det er ikkje ei særleg god samanlikning. Murray er ingen politikar og vert neppe statsminister i ein nasjon som skal vinna tredje verdskrig, men ja, Murray deler Churchills syn på islam: «Så lenge islam finst, vil ikkje slaveriet vera oppheva», sa Churchill om kvinnesynet i den religionen. Murray seier det same om synet på homofili.
No er ikkje Murrays bok om islam i seg sjølv, islams menneskesyn tek han for gjeve. På basis av fortida har han inga tru på nokon reformasjon av islam, nei, boka hans er om Europa og korleis europearar tenkjar om islam, vestleg defaitisme og sjølvplaging og kvifor vi har akseptert den store muslimske innvandringa. Utgangspunktet er enkelt, ja, så enkelt at han heller ikkje drøftar premissen i særleg grad. Men det handlar altså om at vi med europeisk bakgrunn har ein sterkt negativ demografi.
Det er kan henda ikkje naudsynt å seia, men sidan vi fekk p-pillen og fri abort har nesten alle statar med europeisk bakgrunn fått ein negativt fødselsrate (TFR), Australia, New Zealand, USA, alle europeiske fastland… lista går og går. Berre i Israel og på Island får kvinner med europeisk bakgrunn meir enn 2,1 born. Då gjev konklusjonen seg sjølv. Det er så enkel matematikk at det burde vera heilt ukontroversielt: Islam vert til slutt den dominerande krafta i Europa. Alt no er 34 prosent av svenske menn under 35 av utanlandsk bakgrunn, dei fleste av desse kjem frå land der islam er dominerande.
Godt og velskrive
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.