JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Er alle gode ting tre?

Som i tresteg er det gode tilløp i romanen, men eg skjøner ikkje heilt landinga. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ellen Mari Thelle har skrive ei rekkje bøker, mest romanar.

Foto: Heidi Furren

3504
20240105
3504
20240105

Roman

Ellen Mari Thelle:

Sanger fra trær

Flamme Forlag

Eg var nysgjerrig på denne boka. Som alle bøker frå Flamme Forlag er denne òg pent innpakka, fint designa, god å halde i, med litt friksjon i omslaget. Og som så ofte veit ein aldri heilt kva ein får når ein ser på det nøytrale omslaget. Spennande. 

Når eg blar om, tar det likevel lang tid før eg kjem inn i sjølve stoffet. Eg skjøner raskt at tittelen Sanger fra trær peiker på at forteljarstemma høyrer til ulike tre som veks kring hovudpersonen Sol; kapitla heiter slikt som «Sypressen i bakhagen», «Hagtornen utenfor soveromsvinduet», «Asken bak kirken», «Lønnen i Torshovgata».

Trea er førstepersonsforteljarar og rettar seg mot eit du, som altså er Sol. Det er i seg sjølv eit fint og originalt grep, trea har òg evne til å sette seg inn i situasjonen til menneska: «Det er litt kaldt her du sitter. Gulvvarmen har du slått av nå som vinteren er på hell. Du reiser deg, setter deg i sofaen, tar et pledd over lårene.»

Måteleg interessant

Det er berre det at det blir litt forvirrande med denne du-forma. Som lesar må ein særleg i byrjinga «omsetje» det som skjer, og bruke krefter på å skjøne kven som snakkar, og til kven.

Greitt nok, ein kan krevje noko av lesaren. Men i tillegg kjem ei røys med namn (Elise, Lars, Hans, Helle, Guro, Stina, Kåre, Oda, Morten, Sander, tante Bea, onkel Oskar og så vidare) som i alle fall eg ikkje klarer å plassere utan vidare, då det ikkje følgjer så mange karakteristikkar med dei.

Eg må bla tilbake for å fote meg alt på side to, og slik held det fram. No er det ikkje sikkert at det er så viktig, i denne boka, å hugse alle frå kvarandre. Det litterære prosjektet kan vere eit anna. Likevel må ein lesar få høve til å henge med når personane og namna først er lanserte. 

Settingen er gravferda til Sols mor, og heile handlinga går eigentleg ut på at dei gjenverande familiemedlemene snakkar om ho og om andre som har gått bort gjennom åra, og om livet og skjebnen deira.

Forfattaren gjengir samtalar mellom personane, og det er måteleg interessant. Som liv er det kanskje verdt å høyre på, men som litteratur? Replikkane kan høyrast slik ut: «Ja. Jeg har en søster som er fire år eldre, og en bror, William. Han er bare et og et halvt år eldre. Vi har det fint sammen. Helt greit, i hvert fall. William ringer ganske ofte. Grete ringer ikke, men hun kommer bortom.» Eller: «Hun jobber i markedsavdelingen til Tine. Utvikler design på produktene, både de klassiske og gamle produktene. Melkekartongene, ostene og sånn, men også de nyere satsningene deres.» Det er ikkje særs spennande. 

Kvifor og kva?

Eg slit med å finne andre litterære grep enn treforteljarane som gjer noko som helst med meg. Mest blir eg sittande og undre meg over kvifor eg skal lese trivielle samtalar om smått og stort. Dei handlar jo om liv og død, det er ikkje lite som står på spel. Mange av personane kunne trenge ein klapp på skuldra og fortener vår sympati, men samtalane er berre refererte. Det blir sjeldan til litteratur. 

Så eg er litt usikker på kva forfattaren vil med utgivinga, og kva ho meiner eg skal få ut av ho. Sjølv om eg er open for at eg kan ha misforstått noko, er eg av den oppfatninga at eg må få litt hjelp av forfattaren til å sjå den litterære kvaliteten i verket, som eg reknar med ho sjølv meiner finst der. 

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis