Eminent ekspedert
Larssens universelle roman skriv seg opp under himmelkvelvinga.
Vetle Lid Larsen er ein prislønt journalist og forfattar.
Foto: Svein Finneide
Roman
Vetle Lid Larssen:
De stjernekyndige
Bonnier Norsk Forlag
Når eg les Vetle Lid Larssens De stjernekyndige, tenker eg på noko eg las ein gong, om ein familie som skulle på julebesøk til Bjørnsons på Kvikne. Dei kom i november og drog i februar. Det var tidsrommet for eit julebesøk i gamle dagar.
I den tida Larssens roman utspelar seg, tok ting endå lengre tid. Eit knippe forskarar frå Austerrike, Ungarn og Noreg drar til Vardø for å observere den sjeldne Venus-passasjen i 1769 (fenomenet der Venus passerer sola). Dei skal melde tilbake til oppdragsgivarane kva avstand jorda har til sola, mellom andre forskingsoppdrag undervegs.
Det skal vise seg å ta over to år. Førebuinga tar tid, reisa tar tid, bygginga av eit observatorium tar tid. Posten kjem til Vardø ein gong i halvåret, omtrent som i dag, altså, etter kommersialiseringa av Posten.
Audmjukt i forgrunnen
Ein kan ikkje skulde Larssen for å vere ein sjølvbiografisk forfattar. Å legge den 569 sider lange romanen til ein ekspedisjon frå 1700-talet gir oss eit anna høve til å sjå på menneska, på forsking og vitskap, på konkurranse, på religion, ja, på det meste som angår oss i dag, berre sett frå nokre hundre år før – med bakteppe i ei faktisk historie.
Forfattaren sjølv held seg audmjukt i bakgrunnen, kunne ein seie, var det ikkje for at det trass alt er han som har skrive denne historia, i romanform. Språket til Larssen står der levande og lyser og dannar lesaropplevinga vår. Det er evna hans til å trekke opp dei store linjene som interesserer meg, men også rører meg. Til dette høyrer ei utruleg oversikt forfattaren har tileigna seg om fagterminologi innan skipsfart, flora og fauna, astronomi og annan vitskap. Det er svimlande kva han går rundt og kan noko om.
Kulde og varme
Strukturen i romanen kan minne om filmen Amadeus av Milos Forman, som er innramma av at ein prest kjem til komponisten Salieri og tar imot vedkjenningane hans. Larssens roman opnar med den norske botanikaren og teologen Jens Finne Borchgrevinck som kjem til pater Hell på dødsleiet. Hell var hoffastronom i Wien då han blei utnemnd til ekspedisjonsleiar.
Borchgrevinck, som òg var deltakar på ekspedisjonen, vil ha svar på eitt spørsmål. Romanen vender tilbake til denne settinga mot slutten. Imellom ligg heile ferda, gjengitt i notat frå vekselvis Hell, Borchgrevinck og ein seinare forskar på feltet: Simon Newcomb. Ein tredje forskar på sjølve ferda var János Sajnovics, som i etterkant leverte eit arbeid om bindinga mellom samisk og ungarsk, med konsekvensar for teorien om den finsk-ugriske språkstammen.
I all klimatisk og menneskeleg kulde og varme mellom dei tre ekspedisjonsmedlemmane, i stusselege levekår, og medrekna gleder og sorger blant lokalbefolkninga, byr romanen på ei viltveksande (òg i botanisk forstand), dramatisk og sterk forteljing.
Radius
Ein kan dvele ved innsikter som: «Når begynner en reise? Er det når beslutningen tas? Er det ved de første pakkede koffertene? Er det når hjemmet forlates?» Den mest oppsiktsvekkjande språklege vendinga kan eg ikkje seie noko om, berre nemne at ho kjem på side 480, og at ho i lys av konteksten vekkjer både latter og innsikt: «Men for en gangs skyld holdt han kjeft». (You had to be there). Mest er eg likevel opptatt av heilskapen i denne inspirerte forteljinga.
Kva som kom ut av ekspedisjonen, der mykje stod på spel, skal eg ikkje røpe. Men ut av romanen kom ei stor lesaroppleving, skapt av ein forfattar som bokstaveleg tala skriv seg opp mot himmelkvelvinga.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.