JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit svart kapittel

Det finst plakatprotest, og så finst det innbakt protest.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gwendolyn Brooks (1917–2000) heime i Chicago 2. mai 1950, rett etter at ho vann Pulitzer-prisen for den andre lyrikksamlinga si.

Foto: Bettmann / Getty Images

3535
20240119
3535
20240119

Roman

Gwendolyn Brooks:

Maud Martha

Omsett av Vibeke Saugestad
Oktober

Nei, Maud Martha er ikkje kalla opp etter kona til kong Haakon og kona til kong Olav. Ho er hovudpersonen i Gwendolyn Brooks’ roman frå 1953 som no for første gong er omsett til norsk av Vibeke Saugestad.

Gwendolyn Brooks (1917–2000) var ein amerikansk poet, litteraturførelesar og menneskerettsaktivist, og både poeten og aktivisten i henne kjem tydeleg fram i romanen med tittelen Maud Martha. I kapittel som framstår som snapshots, følger vi hovudpersonen frå Maud Martha er lita til ho er vaksen. Ho veks opp i Chicago med familien sin, og ramma rundt livssituasjonen er at dei som farga ikkje har dei same rettane som den kvite befolkninga.

Familien lever i små kår og er venta å vere takksame for lite. Maud Martha har ambisjonar om å nå lenger, men også i vaksenlivet skal det vise seg at ho ikkje kan sikte høgt. Rett nok får ho og ektemannen Paul flytte inn i ein bustad, men han er liten og stussleg. Dei får eit barn. Paul sjølv er ikkje like mørk som ho, og dermed må ho vere «takksam» for at han i det heile vil slå seg saman med henne.

Deprimerande og lyst

Det kan høyrast deprimerande ut, og er det sjølvsagt, med tanke på alle vegar som her er stengde for den svarte befolkninga. Men i Brooks’ roman er livet innanfor denne tronge ramma også skildra med lys og varme. Ingen kan ta frå menneske livsglede, kunnskap, estetisk sans eller menneskeverd, trass i alt ein elles tar frå dei. Kritikken ligg i dei oppteikna realitetane.

Poesien skin gjennom blant anna i dvelinga ved såkalla trivialitetar, som dermed får ny, fenomenal (fenomenbetonande) meining: «Hun var sikker på det, nå som hun var våken. For hun var våken. Dette var våkenhet.»

Slike formuleringar, som ved første augekast berre handlar om å vakne ein morgon, lèt seg i romanen knyte opp mot den overordna tematikken: Kva er det å vere vaken? Kva er det å sove seg gjennom rasediskriminerande samfunnstilhøve? Det same slår inn når ektemannen «ønsket seg hund. En rasehund. Ingen kjøter».

For ein lesar i Noreg i 2024 kan det vere greitt at boka er utstyrt med eit føreord av Margo Jefferson, som plasserer Brooks både historisk, litteraturhistorisk og biografisk.

Dugande omsetjing

Omsetjinga til Vibeke Saugestad har tatt vare på klangen i Brooks opne, velfunderte skrivestil. Eit par gongar meiner eg likevel å finne anglisismar, altså at det heng igjen noko engelsk i det norske. Som her: «Jeg vet hva han tenker, tenkte Maud Martha der hun satt på verandaen, i verandahusken sammen med Paul Phillips. Han tenker at jeg er ålreit. At jeg er virkelig ålreit. At jeg vil duge.»

Eg veit ikkje om det står «will do» der på slutten i originalen, men uansett «vil» ein ikkje duge på norsk. Ein anten duger eller ikkje duger. Andre gonger humrar eg over Saugestads kreativitet i ordval: «I ettromsen ved siden av Whitestripe-paret bodde Maryginia Washington, en peppermø på sekstiåtte eller sekstini eller sytti år, bekrykket, knudrete og bleket…». Bekrykket! Hurra!

Det er ei varm, sår og livleg forteljing, med ei kløktig oppbygging. Sidan romanen har korte, avgrensa kapittel med store sprang i tid, kunne vi «mista Maud Martha av syne» undervegs, men det gjer vi ikkje. Brooks sørger for at vi utan vidare godtar å ta opp tråden etter at det er gått fleire år, og sjølve syr han saman til det som til slutt blir ein heilskap.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis