JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit stykke mellom­distanse idrottshistorie

Ein folkeminnegranskar sprintar oss gjennom liv og lagnad til to brør og tida dei levde i.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brørne Knut og Arne Kvalheim (t.v.) tok dobbelsiger på 1500 meter i friidrettslandskampen mellom Noreg og Tsjekkoslovakia på Bislett i 1970.

Foto: NTB

5926
20200925
5926
20200925

Sakprosa

Thor Gotaas:

Brødrene Kvalheim. To løperliv

Gyldendal

Thor Gotaas er utdanna folkeminnegranskar, ein kompetanse han i laupet av 21 år imponerande har omsett i produksjon av 35 bøker, av dei 17 om norsk idrott. Mange av desse er av særleg interesse for tilårskomne nostalgikarar som fryktar for å missa (folke)minnet sitt. Denne gongen har han henta fram historia om eit friidrottsbrødrepar, mellom- og etter kvart langdistanselauparane Arne og Knut Kvalheim, som dominerte i Noreg frå 1966 til 1976 (Arne) og 1982 (Knut) med til saman 26 gull, 8 sølv og 4 bronse i NM.

Kan hende er Gotaas inspirert av dagens superbrør på same distansar, Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen, sjølv om dei relativt sett er på eit mykje høgare nivå, om enn ikkje der oppe som Ruud-brørne var? Kvalheim-brørne fekk aldri medaljar i store meisterskap. Så ein kan spørja om boka har interesse for andre enn den lesargruppa eg skildra ovanfor (der eg sjølv høyrer heime).

Atterreising

No veks Kvalheim-brørne opp i Etterkrigs-Noreg, slik at historia deira går føre seg innanfor den store norske historia om gjenreising på veg mot å verta verdas rikaste land. Så dette er eit første tema. Som jo burde vera interessant nok. Vi får høyra om to vanlege gutar frå eit burettslag i Grorud, der faren er jarnvegsmann og mora heimeverande, den gong innvandrarar i Groruddalen berre var frå Noreg. Men faren var aktiv laupar før krigen, og bidrog både med gen og oppmuntring, ikkje minst til det å vera allsidig, noko som gjer at dei to likevel vert uvanlege. Arne driv til dømes både med skihopp og langrenn, før han skjønar at det er ein uvanleg god mellomdistanselaupar han er.

Det andre temaet er historia om ein sentral idrottsklubb, Tjalve, som kunne sjå ut til å vera noko «finare» urban enn BUL og andre distriktsklubbar. Men det var berre utanpå, får vi høyra. Dei sosialdemokratiske Grorud-gutane fann seg godt til rette der. Ikkje minst hadde klubben gode førebilete, som Audun Boysen, med den høge panna og det lette steget, som gav bronse i OL og sølv og bronse i EM. Om Gotaas har rett i at kunstdekke gjev eit sekund betre tid per runde enn Bislett-koksen, skulle hans 1.45.9 tilsvara 1.43.9.

Det tredje temaet er utviklinga av treningsmetodar, både hos trenaren Arne Nytrø i Tjalve og utanlands, i Australia og New Zealand, men særleg i Eugene i Oregon, «Track City», i USA, på grunn av laupstradisjonane. Der vert båe brørne studentar og elevar av dei fremste trenarane i USA, som Bill Bowerman, ein grunnleggjar av Nike, og Bill Dellinger. Bowerman var dessutan han som sette i gang joggebølgja, inspirert av den nyzealandske trenaren Arthur Lydiard, som hadde trena Hallberg og Snell til gull i 1960. Her høyrer vi mykje om ulike treningsmetodar: intervall eller langkjøring, på bane eller i sand, og ikkje minst restitusjon og akillesskadar. Vi får òg mange utsnitt frå kvalheimbrørnes treningsdagbøker. Ein kan undra seg om ein i dag, det vil seia Team Ingebrigtsen, har kome fram til ein annan fasit enn den gongen. Uansett får vi høyre mykje interessant, også menneskeleg, om mange av dei store lauparane på den tida. Ikkje minst om treningskameraten Steve Prefontaine som køyrde seg i hel like før Montreal-OL.

Sjølvpining

Men hovudtemaet er sjølvsagt lauparkarrierane til brørne. Eg som såg dei to fleire gonger på Bislett, tykte dei var flotte atletar, om ein skulle bruka stilkarakterar om enn på komplementært vis: Arne med den blonde luggen og aggressivt løfta brystkasse, og med eit kolerisk, og av og til for sangvinsk laupsopplegg. Han gjekk ikkje av vegen for å psyka ut dei norske konkurrentane sine på veg til stemne. Og eg var sjølv til stades på Bislett da sangvinikaren i 1971 låg føre verdsrekorden på 5000 før han sprang inn i ein heilsprekk og så vidt stavra seg i mål. Men han vart hylla av oss for forsøket.

I boka lærer vi meir generelt om korleis banelauping nettopp er sjølvpining, særleg dei siste rundane på 5000. Litt meir kortvarig på 1500. Å laupa skulle ein tru er ein naturleg idrott, noko born gjer så snart dei kan. Men å laupa i ring på bane, utan å koma nokon veg, er vel knapt naturleg. Beste plasseringa på slik rundbane fekk Arne på 5000 meter med ein 6. plass under EM i 1974. Framføre Athen-EM i 1969 var han i så god form at han var spådd å kunne ta medalje. Men då valde han å boikotta meisterskapen på grunn av oberstkuppet. Noko som eigentleg gjev han større ære enn medaljar.

Heilt forskjellig var den mykje høgare Knut, med svart pasjehår og bart, meir lik Clint Eastwood enn bror sin, og flegmatisk langande ut innanfor kan hende for tolmodige laupsopplegg. Men han fekk betre tider enn Arne på alle distanser frå 1500 meter av. På ei engelsk mil hadde han norsk rekord i 40 år med respektable 3.56.2, inntil Henrik Ingebrigtsen slo han i 2014. Han fekk ein niandeplass på 5000 meter i Montreal-OL 1976, og same plassering på 10.000 meter i Praha-EM i 1978, den gong på norsk rekord på 27.41.26. Frå det laupet har Gotaas teke med alle rundetidene hans, til glede for ekte idrottsnerdar.

Idrottsbøker er ein stor sjanger i Noreg, ettersom landet ifølgje Hamsun er ein idrottsnasjon framfor ein kulturnasjon. Mange av slike er av ymse kvalitet, ofte utgjevne som sjølvbiografiar, men skrivne av spøkelsesskribentar. Men her stiller Gotaas kvalitetsmessig i ein eigen klasse, vekslande mellom detaljar, som han har suveren kontroll på, og store liner. Boka handlar om seine mellom- og langdistanselauparar, men slik ho er skriven, innbyr ho til sprintlesing, og ikkje berre for slike som meg, som tida har laupt ifrå.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Idrottsbøker er ein stor sjanger i Noreg, ettersom landet ifølgje Hamsun er ein idrottsnasjon framfor ein kulturnasjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis