Bok

Eit storslege folk

Spør ikkje kva engelskmennene kan gjera for deg, men kva du kan gjera for engelskmennene. Dei har vore den største progressive krafta i soga.

Publisert

I 1913 var det store engelske ordskiftet om kaptein Robert Falcon Scott. Fyrst eitt år etter at han omkom på veg attende frå Sørpolen, fekk engelskmennene vita at han var død. Dødsfallet vart eit stort nasjonalt traume. Ordskiftet hadde to klare motpolar. Den eine sida såg på Scott som ein stor nasjonal helt, den siste gentleman som hadde halde på alle dei viktorianske dygdene i kampen mot juksemakaren frå Noreg. Det andre synspunktet var at Scott var ein tosk ute av stand til å tilpassa seg miljøet og mangla grunnleggjande innsikt i kva som kravdest i internasjonal konkurranse. Scott var symbolet på ein nasjon som hadde strekt seg for langt og no stod framføre tap av makt og prestisje.

Dei siste fekk rett, skriv professor i fransk historie ved universitetet i Cambridge, Robert Tombs, i denne fabelaktige boka om engelskmenns historie gjennom 2000 år. Engelskmennene stod framføre 35 år utan økonomisk vekst. 1913 vart toppunktet. Då hadde England 43 prosent av utanlandsinvesteringane i verda, dobbelt så mykje som USA og Tyskland til saman og ein sum tilsvarande to bruttonasjonalprodukt. Etter fyrste verdskrigen var halvparten borte. Etter den andre var alt borte, og engelskmennene var verdas mest forgjelda.

Ei gladsoge

Men tru ikkje at Tombs er negativ av den grunn. For dette er ei bok om store suksessar, høg levestandard, sjølvråderett og demokrati. England, skriv han rett ut, har vore eit nasjon som ingen annan. «Om ein ser på det menneskeslekta har gått gjennom som heilskap, har England gjennom hundreåra vore ein av dei rikaste, tryggaste og best styrte stadane på jordkloten. (…) Levestandarden på 1300-talet var høgre enn i det meste av verda på 1900-talet.»

Kvifor vel han ut 1300-talet med den katastrofale svartedauden? Av di nett svartedauden gradvis, gjennom hundreåra, la vilkåra til rette for stadig meir bruk av teknologi og realkapital. Den engelske sentralmakta var svak, lordane mange og makta spreidd. Då svartedauden kom og rydda ut store delar av dei arbeidsføre, vart arbeidarane som var att, sterkt ettertrakta. Makta ville sjølvsagt hindra lønsauke og fri flyt av arbeidskraft, men dei fekk det ikkje til. Dimed vart løningane permanent liggjande på eit nesten tre gonger så høgt nivå som før svartedauden. Den dårlege landbruksjorda var liggjande brakk, og jorda som var att, gav høge avlingar. Høge løningar og høge avlingar gav ein levestandardauke som knapt noko samfunn hadde opplevt.

Industrien

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement