Eit solid stykke arbeid
Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.
Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.
Foto: Monika Holand Bøe
Roman
Gaute Heivoll:
Min tid i disse skogene
Tiden
Eg tenkte først eg skulle innleie denne bokmeldinga med ingressen «Den som ventar på noko godt, ventar kanskje forgjeves». Men så slo det meg at nokon kunne tru eg meinte sjølve romanen til Gaute Heivoll. Eg meinte å sikte til handlinga, men det kunne eg ikkje ta sjansen på var opplagt.
Sidan debuten i 2002 har Gaute Heivoll gitt ut ei lang rekke romanar, noveller og barnebøker. Ofte, men ikkje alltid, har han lagt det litterære landskapet tett opp til sitt eige Finsland i Vest-Agder. Bygdelivet på Sørlandet kling også i årets roman, Min tid i disse skogene.
«Heivoll har skrive ei svær forteljing på alle måtar.»
Saliggjerande venting?
Vi følger hovudpersonen Johannes frå 1932 til 1974. Han er odelsgut på ein gard, men seier som ein annan Tarjei Vesaas frå seg garden, etterlèt han til den yngre broren og kjøper seg ein gard ikkje så langt unna. Dette har å gjere med den gåtefulle kona Ingeborg, som plutseleg finn ut at ho ikkje kan bu på familiegarden hans lenger. Han får aldri noka forklaring på dette, han veit berre at han vil følge henne i tjukt og tynt, så då får dei heller flytte.
Gåtefull er kanskje ikkje ordet; nokre vil kalle henne klin kokos. Andre vil seie at ho ligg under for sterke psykiske lidingar. Ho legg stadig ut på vandringar nattetid utan å seie kvar ho har vore, og ho har periodar då ho er både utilrekneleg og valdeleg. Johannes sjølv finn seg i det, og ventar. «Han levde et liv ingen kunne leve. Likevel fortsatte han. Det var dette han kunne. Det gjaldt å vente, slik han alltid hadde gjort. Vente på våren. Vente på regnet. Vente på snøen. Vente på de gode dagene som kanskje kunne komme tilbake.»
Johannes skal gjennom mange prøvingar. Dei flyttar fleire gongar, Ingeborg går i lås, men han konstaterer om og om igjen at ei omstilling han trudde skulle vere umogleg, viser seg å vere «enkel». Det er berre å fortsette rett fram, så blir alt bra til slutt. Vel, blir det det?
Einsemd og fellesskap
Heivoll har skrive ei svær forteljing på alle måtar. Ikkje berre er romanen på 464 sider, han dekker òg eit stort tidsspenn i historia. Tilbakeblikk utvidar denne perioden. Liv og skjebnar og personlegdomar i familie og lokalsamfunn trer fram. Ingeborg sjølv blir aldri svanger med anna enn skjebne, og mangelen på eit barn i huset blir ei underliggande sorg for dei to.
Når Ingeborg må leggast inn på institusjon, viser Heivoll korleis Johannes både kan bli rastlaus og kjenne seg mindre heil, men òg korleis han kan blomstre fordi han tar meir del i fellesskapen i det vesle samfunnet. Naboane tar òg del i hans og Ingeborgs ve og vel. Dei hjelper til med gardsarbeid. Dei trår til når Ingeborg er på tulltur. Dei inviterer Johannes med på jakt og juletrefestar.
Blant dei solide portretta av menneska rundt finn vi ei rørande skildring av Johannes’ forhold til nabojenta Tone, som rek i garden, og som han opnar seg for. Ho blir på mange måtar det barnet han aldri sjølv fekk, men som han likevel fekk knyte seg til.
Scena der Johannes får oppleve nokre veker som lærarvikar, utgjer ei strålande forteljing om meistring og livsglede. Og når Ingeborg, som er ein kløppar på teppeveving, begynner å klippe opp stoff, men berre lar remsene falle til golvet, anar vi at ein ny forfallsperiode er på gang.
Gaute Heivolls roman er ein studie i ei historisk tid, i eit geografisk landskap, i samfunn og relasjonar. Men når det gjeld spørsmålet om den som ventar på noko godt, ventar forgjeves, er svaret tvitydig. Det blir opp til lesaren å avgjere.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.