JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit poetisk livsprosjekt

Ei fascinerande samling av hans eigne artiklar markerer 100-årsdagen for fødselen til Asbjørn Aarnes.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Asbjørn Aarnes vart fødd på Vågbø på Nordmøre i 1923 og var professor i europeisk litteraturhistorie.

Foto: Tom Sandberg

4611
20240308
4611
20240308

Sakprosa

Asbjørn Aarnes:

Den fine taushets røst. Tekster om poesi og etikk, til 100-årsdagen 20. desember 2023

Redigert av Åsmund Bjørnstad, Jan Oskar Utnem, Ulf Andenæs og Ole Andreas Bjerkeset
Vidarforlaget 2023

Asbjørn Aarnes var aktiv som skribent frå 1950-talet og heilt til siste leveåret, som var 2013. Slike antologiar av tekstar frå eit liv kan stundom verka litt tilfeldig samanraska. Men det er ikkje tilfellet her.

Etter som ein les, fell bitane på plass. Det er snakk om eit heilt livsprosjekt, og dei ulike delane heng nøye saman. Det grunnleggjande prosjektet handlar om å forstå kva poesi er. Det gjer han eit ambisiøst forsøk på å skapa ei forståingsramme for i boka Det poetiske fenomen frå 1963. Som tittelen seier brukar han ei fenomenologisk tilnærming. Den har han dels tileigna seg frå fransk filosofi, som han kjende godt, og dels frå Emil Boyson, som var ein filosofisk velorientert poet. Aarnes plasserer dikt ein stad mellom tingen og språket om tingen; diktet er noko anna enn tingen det handlar om, men det kan heller ikkje skildrast berre lingvistisk. I mellomrommet mellom desse skaper det ein annan kvalitet, og ei anna vereform, der ord og tema smeltar saman. Når dette skjer, blir diktet, med hans eige uttrykk, «ugjensigelig», det kan ikkje omsetjast til andre typar språk.

«Det er snakk om eit heilt livsprosjekt, og dei ulike delane heng nøye saman.»

Stadig utvikling

Ei slik forståing oppstod i ei bestemt tid. Humaniora var pressa av scientismen, som ville gjera alt til naturvitskap og tabell. Difor fann Aarnes sin plass saman med humanistar som Wyller og Skjervheim, som rydda rom for det spesifikt menneskelege, for ånd og humaniora. Kring det poetiske fenomenet oppstår det eit filosofisk rom, og ingen kan som Aarnes skissera opp linjene frå antikken til dagens situasjon i nokre få, treffande setningar.

Han utvidar perspektivet vidare til modernismen. Han er ein klassisk orientert lesar og skrivar, men tekstane hans tilhøyrer den modernistiske, særleg den franske, symbolistiske retninga. Av norske poetar var han mest oppteken av dei fransk-inspirerte, som Boyson og Gill, men han strekte perspektivet bakover til Welhaven og framover til Jacobsen og Eidslott. Han var nok mest heime i den tidlege modernismen, kulturelt stod han fjernare frå den politisk inspirerte modernismen frå slutten av sekstitalet.

Men han var heile tida i utvikling. Og då han på eit Skjervheimseminar på Stalheim fekk ei oppfordring om å skriva om Olav Nygard, tok han utfordringa. Han skreiv ei heil bok om Nygard. Der sameinar han dei perspektiva han utvikla i møte med symbolismen, med ei ny interesse for den nynorske, og dermed også den norrøne, tradisjonen. Det er tre store tradisjonar i Europa, skriv han. Det er den jødisk-kristne forteljinga, dei greske omgrepa, og så er det den nordiske tradisjonen, som dyrkar togna, som han skriv. Det som spring ut av togna, det tause, blir ein annan måte å forstå det poetiske, ugjenseielege på. Det er fascinerande å sjå korleis han les Nygard opp mot den symbolistiske lyrikken, slik at lyset breier seg begge vegar; dei forklarer kvarandre.

Makelaust

Den andre utvidinga han gjer i mogne år, er å lesa Levinas. Hos han får han eit svar som går utover estetikken og inn i det etiske; kva som er meininga med det heile. Og når Levinas seier at det spring ut av møtet med ansiktet til den andre, så finst det også her ei kopling til det ugjenseielege, for i dette ansiktet finst sporet av den tredje, som Levinas skriv – det hinsidige er synleg, som spor, i andletet til nesten. Slik er dette både ei fornying og eit framhald av det poetiske prosjektet.

Utvidinga mot Levinas skjer parallelt med oppdaginga av den nynorske tradisjonen, som kulminerer i dei nynorske stubbane han publiserte i Dag og Tid på slutten av livet. Det var som å slå hol i ei tønne, skriv han, det rann ut livsminne og refleksjonar. Den nynorske språktonen fanga opp element som låg utanfor den fint siselerte riksmålstonen som han brukte så elegant; den fanga opp det folkelege og sette det saman med refleksjonen. Det filosofiske prosjektet blir utvida og stadfesta gjennom det språklege.

Slik kan vi fylgja ei fascinerande intellektuell utvikling, gjennom makelause lesingar av dikt, lettfattelege og presise filosofiske skisser og inn i det nynorsk-fenomenologiske. Det finst ikkje fleire døme på dette i norsk litteratur.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis