Bok

Eit liv utan kvile

Stig Beite Løken opnar auga våre for notida like mykje som for framtida.

Forfattar Stig Beite Løken tek oss med til år 2046.
Forfattar Stig Beite Løken tek oss med til år 2046.
Publisert

Det er oppunder juletider i år 2042 i Stavanger. Jonas Høller er tidleg i førtiåra og jobbar som eigedomsmeklar. Far hans lever ikkje lenger, mora har demens, broren kjem han i konflikt med, og forholdet hans er gått i oppløysing. Han lever på Fjordland-mat og har ein hemmeleg seksuell «relasjon» med resepsjonsroboten på jobben. Han kjenner seg barnlaus og motlaus.

Draumeyrke

Vi er i ei tid der kjøt av miljøomsyn langt på veg er erstatta med syntetisk kjøt, der bilane køyrer sjølve, utan sjåfør, der Rogaland er tatt opp i Vestlandet, i alle fall i universitetssamanheng, og – først og fremst – der teknologien er kommen eit langt stykke sett frå i dag. No finst det nemleg «draumelinser» på marknaden. Tar ein på seg desse, og har ein tilgang til rett programvare, kan ein velje ulike draumar frå ein meny og «gå inn i dei» ved nattetid. Nokre draumar er lukka, andre opne. Ein kan dra på Svalbard-safari, halde fest eller gjennom «veneførespurnader» invitere nokre få gjestar til meir private affærar.

Som eigedomsmeklar er Jonas i eit utdøyande yrke. For å gjere tilbodet meir attraktivt forsøker bransjen seg på den nye linseteknologien som gjer at ein kan opne for virtuelle visningar mens både meklarar og interesserte kjøparar søv. Det mest geniale med dette, sett frå meklarhusets side, er at dei kan tvinge dei tilsette til å vere produktive også om natta, så kastar ein ikkje bort verdfull tid. Men når Jonas får i oppdrag å teste ut teknologien i eit konkret hus, møter han nokon på visninga som dreg han bort frå både (vakne) menneske, jobb og varsemdsreglar.

Velkomponert språk

Scenarioet Beite Løken skriv fram er ganske uhyggeleg. For det finst biverknader ved bruk av draumelinsene. Om ein ikkje bruker dei med måte, kan ein oppleve at draum og verkelegheit går i surr. Vil ein lenger inn i draumeteknologiens meir langvarige dvalemoglegheiter, kan ein risikere å bli verande der. Uhyggeleg er også tanken på ei framtid der ein aldri skal få kvile, men er venta å utrette noko heile tida. Attpå til er noko av det mest forstyrrande som finst – reklameinnslag – også programmert inn i draumane. Det kan dukke opp ein mann med ei Solo-flaske, som etter to minutt seier at no kan du velje å hoppe over reklamen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement