JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit engasjert liv

Notata til sommarfuglforskaren Fritz Dörries har blitt til ein medrivande roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Roy Jacobsen har skrive roman saman med kona Anneliese Pitz.

Foto: Guri Pfeifer og Hans Petter Sørensen

3690
20190913
3690
20190913

Roman

Roy Jacobsen og Anneliese Pitz:

Mannen som elsket Sibir

Cappelen Damm

«En ungdomsvenn spurte meg en gang hva som er sa° fascinerende med sommerfugler, de er da bare noen flagrende papirbiter, litt livløs konfetti?» Det er nettopp det dei ikkje var for tyske Fritz Dörries. Som fødd inn i ein kjend entomologfamilie, altså familie av insektforskarar, var han tidleg kjent med dei vakre og artsrike sommarfuglane og blei alt som fireåring djupt fascinert av ein sommarfugl (Parnassius nomion) som heldt til i Sibir. Då seier det seg sjølv at han som vaksen skulle tilbringe over 20 år i det enorme og ugjestmilde området.

Variert dyreliv

Det er ei eventyrleg forteljing om ei eventyrleg ferd. Bakgrunnen er at Randi Carelius Krogsveen kom til forfattar Roy Jacobsen med eit manus, handskrive av oldefaren Fritz Dörries. Her skildrar Dörries tida si som jeger, forskar og sommarfuglsamlar i Aust-Sibir i åra 1877–1899. Roy Jacobsen og kona Anneliese Pitz har omarbeidd stoffet til ein roman.

Fritz, og for det meste av tida også broren Henry, vigde livet sitt til å lage samlingar av dyr og insekt i Aust-Sibir, skrive rapportar og sende heim til europeiske museum. For å finansiere arbeidet skaut dei tiger, ulv og bjørn og selde skinnet og kraniet, eller dei selde dyr som sirkusdyr. Dei jakta òg på fasan, hjort og andre dyr som kunne etast. Dei støyter på villsvin og leopard. Dei studerer fuglar. Somme dyr skyt dei på grunn av forsking, andre flyttar inn i huset. Dei held hundar som er halvt ulvar. I ein kort periode sluttar ein tredje bror, Edmund, seg til dei. Med jamne mellomrom reiser dei heim med samlingane og rapportane, men dreg etter ei kort stund ut igjen.

Mens ein i dag kan gå av hektene over eit tog som er tjue minutt forseinka, kunne Dörries med brør og hjelpemannskap risikere å vente veker og månader på transport vidare frå Odessa, Vladivostok eller ei japansk hamn. Dei reiste til sjøs, til havs, til hest, til fots, og nokre gonger nokre hundre mil nedover ei elv. I dei iskalde vintrane kunne dei gå over isen. Dei fekk ta tida til hjelp. Men av og til hadde dei flaks: «Og om kvelden den andre dagen nådde vi øya Olkhon, derfra var det bare to hundre og nitti kilometer til jernbanestasjonen i Irkutsk.»

Oppdagartida

Samstundes var det ei tid og ein stad for spesielt interesserte. Og Fritz Dörries var spesielt interessert. Han godtok å måtte skremme bjørn med paraply, å falle ned i ei dyregrav og bruke fem timar på å komme seg opp, å møte rømte fangar med vondt i sinne, skyte mordarar og gravlegge lika i skogen, ta seg gjennom eit Japan i krig og segle inn i Konstantinopel med tyrkiske kanonkular susande over hovudet – så lenge han fekk drive med sitt. Han og broren var òg interesserte i språket og skikkane der dei kom, og dei blei alltid kjende med dei innfødde, som var «våre beste informanter, hva anga°r ba°de flora og fauna, geologi og meteorologi».

Jacobsen og Pitz gir med denne nøkternt medrivande romanen eit bilde av ei tid der det framleis fanst noko igjen å oppdage, ei framovervend tid, der nokon måtte ta på seg å gjere grovarbeidet med fare for liv og helse.

Dörries’ eigne teikningar av sommarfuglar, dyr, landskap og folk akkompagnerer teksten og minner oss om kor nært romanen ligg på hendingar som har funne stad. Det er ingen røvarroman. Det er sjølve livet til Fritz Dörries som liknar ein røvarhistorie.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Roy Jacobsen og Anneliese Pitz gir med denne nøkternt medrivande romanen eit bilde av ei tid der det framleis fanst noko igjen å oppdage.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis