Bok

Eit avgjerande møte

Matthew Stewart har skrive ein bladvendar om den gong metafysikk spela ei rolle i frigjeringa av vår moderne tid.

Publisert

Matthew Stewart (f. 1963) er ein amerikansk filosof med utdanning frå Princeton og ph.d. frå Oxford som sidan tidleg i 90-åra har vore uavhengig forfattar, ikkje med eit akademisk, men med eit kulturpolitisk perspektiv. Den siste boka hans frå 2014 handlar om dei kjetterske (panteistiske/deistiske) førestillingane bak den amerikanske revolusjonen. Ho er ei vidareføring av tema i boka frå 2006 som skal meldast her: Om hendingar som skjedde 100 år før den revolusjonen, og som var føresetnader for han, så vel som generelt for den moderne tida vi lever i.

Metafysikk

Desse hendingane gjekk føre seg like etter dei store religionskrigane i Europa som varte lenger enn dei 30 åra (1618–1648) som gav dei namnet, særleg i England. Men på kontinentet var freden i Westfalen stabil, slik at det var mogeleg å reflektera over kva som eigentleg hadde hendt då reformasjonen sprengde det katolske religionsmonopolet og ein ny mekanistisk vitskap frigjorde seg frå skolastikken.

Descartes, som var mest interessert i det siste, laga då ein metafysikk som delte verda i to, der sjelene kunne overlatast til teologien mot at vitskapen fekk forska på ein sekularisert materie. Utan å skjøna at dette måtte tvinga fram eit nytt gudsbilete. Metafysikken hans var dessutan full av sjølvmotseiingar, men oppnådde likevel det han ønskte: at den nye vitskapen spreidde seg til stadig fleire universitet.

Andre såg derimot at når filosofien først skulle laga eit nytt metafysisk verdsbilete i konkurranse med ein splitta og svekt religion, måtte det gjerast skikkeleg og fullstendig. Ikkje berre med eit nytt gudsbilete, men òg med ein ny samfunnsteori som forsvarte at staten gjev rom for vitskap og religiøs usemje/fridom, det vil seie bryt opp alliansen mellom Gud og autoritære herskarar.

Modernitet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement