Ein utsett og sansande natur
Silje Linge Haaland skriv varsame, tenkjande og overtydande dikt.
Silje Linge Haaland er biletkunstar og poet.
Foto: Julie Pike
Dikt
Silje Linge Haaland:
Den løseste delen av verden
Gyldendal 2023
Silje Linge Haaland debuterte med diktboka Desperasjonsanimasjon i 2021. Haaland er både poet og kunstnar og arbeider komplementært med desse to estetiske verksemdene. Den løseste delen av verden har såleis også hatt ei forgreining i ei kunstutstilling, i eit videoskulpturverk, på Munchmuseet i 2022. Men det er likevel viktig å streke under at Den løseste delen av verden heilt og halde er ei diktbok som står utmerkt godt på eigne bein.
Visuelt
Synssansen og det visuelle, som biletkunsten appellerer til, er likevel tydeleg representert i dikta. Blikk- og synsmetaforar, speglingar og refleksjonar finn ein spreidd utover sidene i denne diktboka, som dyrkar og forfinar det konsentrerte lyriske uttrykket: «havet/ legger seg på magen// stirrer opp// gjennom bunnene sine». Som ein legg merke til her, er ikkje Haaland redd for å besjele og levandegjere naturen, men likevel skjer det i form av bilete som bevarer naturen som noko anna enn underlagd mennesket.
Havet i sitatet går ikkje opp i ein tradisjonell menneskelogikk. Det menneskelege synet er også avgrensa, sjølv om det må seiast å ha eit velutvikla auge for alt det kan ha herredøme over, og oftast som stivna og døyande natur: «en rad av nerver/ lyser/ med de visne nervene». Samstundes har eget i desse dikta medvit om at det sjølv er natur: «øynene mine / lukker seg / mot vannet i meg».
Naturlyrisk
Hos Haaland finst altså ein sterk naturlyrisk impuls. Her blir ikkje natur forstått som bilete på ein psykologisk tilstand, meir som ei eksistensiell grense for mennesket, noko som også eksisterer i og for seg sjølv. Naturen er utsett, sanseleg og sjølv sansande, slik naturen kan framstillast i økopoetisk litteratur. Men Haaland følgjer ikkje noko førehandsbestemt program, dikta sjølv tenkjer og sansar, grip og held.
Dikta til Haaland gjer oss merksame og appellerer til oss, utan å vere larmande og agitatoriske. For sjølv når dikta peikar på det prekære i den økologiske tilstanden, er dei neddempa, varsame, sanselege, biletdrivne, konsentrerte – og samstundes også fylte av spørjande uro, tvil og bøn: «vi vet ikke/ om vi er de krevende/ eller de evakuerende// vi har en tvil, en trussel/ og vi holder en appell». Om ein les den siste sekvensen i lys av dette, handlar det altså om å verne om «det gjenlevende/ levende».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.