Bok

Ein praktisk økonom

The Future of Capitalism er godt lesestoff for alle som er lei blinde ideologar og storkjefta politikarar.

Publisert

Fyrst ei åtvaring: Er du kulturradikal og meiner at seksualmoral er eit personleg spørsmål, ikkje les denne meldinga. I alle høve: The Future of Capitalism er ei bok om det som er viktig for at ein økonomi og eit demokrati skal fungera godt og ha legitimitet i breie lag. Collier fortel enkelt og greitt kva som har gått gale i Vesten dei siste femti åra, og kva som bør gjerast for å retta opp feila. Det er altså ikkje noko å seia på ambisjonane. Men det som kanskje er meir uventa enn ambisjonsnivået, er det faktum at Collier gjev truverdige svar. Som lesar vert du sitjande å tenkja at om berre vestlege politikarar lyttar til Collier, ja, så vil både USA og Europa på ny verta ein mykje betre og meir rettvis stad.

Mellom utviklingsøkonomar er det vel få som har ein høgre standing enn Collier, så har han også fått alle dei posisjonane han har peikt på, både ved Harvard, i Verdsbanken og i Oxford. Collier kallar seg sjølv ein pragmatisk sosialdemokrat – danske Mette Fredriksen er ein favoritt – og er det britane plar kalla ein «skiten empirikar», det vil seia at han i liten grad er oppteken av moterett teoretisering og ideologi. Collier vil på fordomsfritt vis finna ut kva som fungerer og ikkje fungerer på basis av empiri, og så fortelja om funna i klåre ordelag.

Problemet med ei slik tilnærming er at ho lett vert autistisk. Collier seier ting som mange politikarar ikkje orkar å høyra, og dimed har dei det med ikkje å lytta til Collier. Dette vedgår Collier: Han seier difor at han skriv denne boka til veljarar, for det er veljarane som må taka ansvaret for å fjerna uærlege og ideologisk politikarar.

«Upassande sanning»

Tak til dømes det han skriv om auka overføringar til fattige barnefamiliar, overføringar som han meiner ikkje er særleg lure. Storbritannia gjev gratis hus til barnefamiliar og åleinemødrer med lite pengar, det gjorde Thatcher òg. Men Tony Blair meinte ho gav for lite, og i 1999 auka Blair-regjeringa overføringane til fattige barnefamiliar. Det som før var eit stort problem – for mange born i ressurssvake familiar – vart endå større, seier Collier. «Låginntektsfamiliar svarte med ein massiv auke i fødslar, estimert til 45.000 ekstra per år (...) Mange mødrer vart oppmuntra til å få born som ikkje ville verta oppseda på eit godt vis.»

Og korleis oppfører mange unge mødrer som får born for pengar, seg? Dei har fleire partnarar. Dette skriv Collier òg om for å fortelja at overføringar kanskje ikkje er så lurt, og han går heilt til biologien for å visa det. Telomerar er buntar av DNA som finst som ei kappe på slutten av alle kromosom i alle celler. Ein god analogi er plastikktuppane på skoreimer, av di dei hindrar kromosomendane i å verta frynsete og klistra seg til kvarandre. Korte og oppflisa telomerar fører ofte til dårleg helse i framtida. Dei vert òg kortare med alderen og seier noko om kor langt ein er komen i aldring. Dårleg stress er dårleg nytt for telomerane. Har mor fleire seksualpartnarar i oppveksten til barnet, er telomerane ved ni år 40 prosent kortare enn hjå born som har far stabilt til stades. Dette er ein dramatisk reduksjon. Dobling av inntekt fører berre til at telomerane vert 5 prosent lenger. «For mange er dette ei ’upassande sanning’, men det hjelper ikkje noko som helst å nekta for at det er slik», skriv Collier.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement