JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein opplyst og rettskaffen mann

Renberg skriv entusiastisk om Christian Thomasius – ein mann som fortener merksemd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Tore Renberg.

Forfattar Tore Renberg.

Forfattar Tore Renberg.

Forfattar Tore Renberg.

3615
20240216
3615
20240216

Essay

Tore Renberg:

Aktivisten. Et essay om Christian Thomasius og hans tid

Forlaget Oktober

Mykje vert hugsa av det som helst skulle ha gått i gløymeboka, medan mangt ein skulle ha hugsa, vert sletta frå det kollektive minnet. Då er det godt at somme tek på seg å friska opp minnet om det gode, og det er just kva Tore Renberg har gjort i essayet sitt om tyskaren Christian Thomasius (1655–1728).

1600-talet var ei uroleg tid på mange måtar, men etter religionskrigane kom opplysningstida, då somme tapre personar drista seg til å stilla spørsmål ved både religiøse og verdslege dogme, og Renberg syner oss at Thomasius var ein av desse.

«Renberg er ein forteljar, han veit korleis han skal leggja fram stoffet på ein interessant måte.»

Han var mellom anna driven av sterk indignasjon mot fenomen som hekseprosessar og tortur, og synte seg som ein framsynt humanist i dei imponerande mange skriftene sine. Metoden hans var, både diverre og heldigvis, ofte satiriske skrifter, diverre av di det ikkje er så effektivt å få andre til å endra tankesett ved å hengja dei ut, men også heldigvis, sidan det vert underhaldande lesnad både for samtida og for ettertida.

Med skriftene sine gjekk Thomasius imot dei vedtekne sanningane, og det i ei tid då dette var farleg, til dels livsfarleg. Det farlege i kampen for toleranse og trusfridom er ikkje trugsmålet mot trua eller det sosiale systemet i seg sjølv, men mot autoriteten til dei som har makt i kraft av religionen og lovene. På den tida då Thomasius var aktiv, hadde tradisjonen og hierarkiet skaffa seg status som noko sjølvsagt, men Thomasius synte den lesekunnige verda at det fastsette regelverket ikkje stod seg mot fornuft og logikk.

Sjølv om det altså var risikabelt for slike som Christian Thomasius å konfrontera makta, slik Renberg poengterer, var det noko i tida som gjorde det mogleg. Den intellektuelle tilnærminga til forståinga av den fysiske verda og dei sosiale strukturane kom på ein måte på moten, og opplysningstida tvinga seg fram. Men det inneber ikkje at sanninga alltid vinn fram, eller at ho held fram med å vinna.

På 1940-talet skreiv den tyske presten, filosofen og antinazisten Dietrich Bonhoeffer eit brev som eigentleg er eit essay, om slik dumskap (Dummheit) som ikkje er ein intellektuell svikt, men derimot ein moralsk, og brevet kan stå som ein tindrande klår diagnose av den desinformasjonens tidsalder me lever i nett no.

Brevet finst på nettet, som «Bonhoeffer on Stupidity», og det burde vera obligatorisk lesnad for alle. Eg ser Bonhoeffer som ein åndsbror av Thomasius. Dei var aktive i kvar si tid og under ulike tilhøve, og lagnaden deira tyder diverre ikkje på framgang i humanitet. Thomasius døydde under fredelege omstende, 73 år gamal, medan Bonhoeffer vart hengd i ein tysk konsentrasjonsleir 9. april 1945.

Renberg er ein forteljar, han veit korleis han skal leggja fram stoffet på ein interessant måte. Han nemner fleire gonger at han først og fremst er romanforfattar, men i eit slikt essay som han her har skrive, er det ein føremon. Intensjonen hans er å presentera ein opplyst og rettskaffen person, og i mindre grad setja filosofiske system opp mot kvarandre. Her og der kjem han til syne i teksten, utan at det øydelegg noko, men kven han «vier» seg med i påstanden om ein skandinavisk identitet på side 31, veit eg ikkje.

Kor som er: Tore Renberg fortener ros for å ha skrive eit leseverdig og tankevekkjande essay.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis