Bok
Ein open poetisk invitasjon
Dikta til Gro Dahle vibrerer og skjelv av ny tyding.
Gro Dahle granskar fenomenet «heim» i den nye diktsamlinga si.Gro Dahle granskar fenomenet «heim» i den nye diktsamlinga si.
Foto: Line FrestiFoto: Line Fresti
DIKT
Kva er ein heim, eit hus? Kva vil det seie å bu? I Gro Dahles nye diktbok Hjem, sier hunden vert omgrepet og fenomenet «heim» utsett for ei poetisk romsterande gransking. Ikkje slik at poeten raserer noko eller held dette ordet opp mot lyset for å granske det på fråstand. Nei, Dahle vert trekt mot det, tek fysisk bustad i det. Og om det passar seg, spaserer poeten like godt ut av det igjen. Det hadde kan hende ikkje vore Gro Dahle om ikkje heimen òg kunne få nok av alt og stryke på dør og forsvinne. Slik barndomsheimar ofte gjer.
Ber heimen med seg
Ein heim vert rekna som ein permanent opphaldsstad, men treng ikkje vere ein fysisk stad, det kan vere ei moglegheit ein har. Noko ein lengtar etter, eit fengsel, eller noko ein kvittar seg med. Er heimen ambulerande, nomadisk og omskifteleg, kan ein «bære med seg hele hjemmet», eller han kan finnast «der hunden er». Elles kan ein flytte «inn i ordene», når språket og diktet vert til eit ly, eit hus. Uansett ber ein heimen med seg.
Heim er framfor alt ei retning, ei rørsle til eller frå, som dikta til Dahle orienterer seg etter. Kva ein eigentleg dreg heim til når ein dreg heim, kan vere vanskeleg å setje fingeren på.
Idérikdom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.