Bok
Ein konge utdanna av PlayStation
Etter å ha lese Blood and Oil har eg éin hovudtanke: Mohammed bin Salman burde aldri ha komme til makta.
Den saudiarabiske prinsen Mohammed bin Salman på G20-møtet i Riyadh 22. november i år.
Foto: Bander Al Galoud / Reuters / NTB
Sundag kveld var Benjamin Netanyahu på vitjing i Saudi-Arabia. Han vil i ettertid ikkje svara på spørsmål om vitjinga. Offisielle representantar for Saudi-Arabia nektar på si side for at han var der, og USAs regjering ignorerer i skrivande stund spørsmål om kva utanriksminister Mike Pompeo hadde å gjera på møtet. Men møtet fann stad, reisa til Netanyahu kunne alle sjå på nettsider med flytrafikk.
Kva i alle dagar er det som går føre seg? Saudi-Arabia har då vore sjølve episenteret i verdas antisemittiske propaganda, trykkeri har spydd ut litteratur og lærebøker der jødar vert framstilt som aper, blodrikkande barnemordarar og valdtektsmenn. Jau, det har vore bakromskontakt mellom dei to landa, men å sleppa ein jøde og israelsk statsminister inn i Saudi-Arabia har berre vore heilt utenkjeleg. Og når ein fyrst skal sleppa inn ein statsminister, fell altså valet på hauken Netanyahu. Svaret er at Saudi-Arabia har fått ein ny eineherskar.
Wall Street Journal
Det var sjølvsagt Wall Street Journal, avisa til Bradley Hope og Justin Scheck, forfattarane av Blood and Oil, som avslørte at Netanyahu var i Saudi-Arabia. Hope og Scheck har eit unikt kjeldenettverk inne i landet og har stått bak mange avsløringar om Mohammed bin Salman, MBS som han vert kalla, den noverande kronprinsen og diktatoren i profetens heimland.
Blood and Oil er velskriven og gjev ei unik innsikt i det saudiske maktapparatet. Men eg forstår framleis ikkje, etter å ha lese boka, korleis MBS kunne taka all makt og dimed få total kontroll over verdas største oljefelt og verdas mest profitable selskap, Saudi Aramco. Det kan ikkje vera på grunn av kompetanse.
Eg har gjennom åra lese ein del bøker om Saudi-Arabia, særleg historie. Alle forfattarane har lagt vekt på at landet har ei særs kort soge. Det var fyrst då bestefaren til MBS, Abdulaziz, den seinare kongen Ibn Saud, i 1902 reid gjennom ørkenen til Riyadh, klivra over bymuren og skaut den ottomanske guvernøren, at det kom noko som kunne minna om starten på ein rudimentær stat. Abdulaziz var intelligent, batt saman stammene, forsterka alliansen med whahabistane og til slutt, i 1945, i eit legendarisk møte med Roosevelt, fekk han gjennom avtalen om at USA skulle verna Saudi-Arabia mot at oljen skulle flyta fritt. Men, som alle forfattarar har understreka, Saudi-Arabia har ikkje vore eit einevelde, det har vore eit kryssande lappeteppe av alliansar, religion, fyrste- og andrekoner og pengar, alt basert på konsensus og endelause samtalar mellom stammeleiarar, prinsar, religiøse leiarar og ulike klanar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.