Bok
Ein frisk pust
Bertie var ein triveleg kar. Han oppførte seg som ein konge.
Kong Edvard VII (1841–1910) i full mundur.
Målarstykke av Sir Luke Fildes / Wikipedia
I jula har vi tid til å lese lange og gamle bøker. Eg fekk tid til å lesa ein biografi på nesten 700 sider.
I dei ulike skapa mine heng det ei mengd dressar og dressjakker. Eg har ikkje nytta nokon av dei sidan februar i fjor. Eg har ikkje vore på kontoret sidan nedstenginga. Eg saknar å nytta dei. Dressane er produserte i Nord-Italia. Eg har dessutan ein del dyre sko. Dei er laga i USA. Både nokre av dressane mine og nokre av skorne mine er over 20 år gamle. Både skorne og dressane er tidlause. Ikkje ein kjeft kjem til å reagera om eg møter opp ein stad med ein av desse dressane og skorne. Eg kan gå inn i kvart parlament i verda, og folk vil seia at eg er kledd som eg bør vera kledd.
At vi menn har det så lett i klesvegen, kan vi takka Albert Edward, Bertie, som han vart kalla, for. Ja, når prinsen av Wales vert nemnd, tenkjer vi i hovudsak på hedonisme og ei uendeleg rekkje med elskarinner, men han var òg mannen som skapte den moderne dressen og finskor og gjorde dei globale. Før Bertie var menn i same grad som kvinner underlagde varierande motar.
Jane Ridley passar Bertie, som han alltid vart kalla, like godt som ein skreddarsydd dress. Ho er dotter av Nicholas Ridley, ein beinhard minister under Margaret Thatcher, ja, det var han som knekte kolarbeidarane og seinare innførte «the poll tax», og er utdanna ved gode privatskular og Oxford. Ho har så mykje adelsblod i årene at det halve kunne vera nok. Men fyrst og fremst er ho distansert og skriv utruleg godt. Ridley har skrive ein fantastisk biografi om Edvard den sjuande.
Dårleg oppvekst
Bertie hadde ikkje ein god oppvekst, han var heller ikkje særmerkt intelligent. Dessutan vart han aldri heilt kvitt den tyske aksenten. I oppveksten snakka sjølvsagt både hoffet og familien tysk, sidan kongehuset var tysk. Men han snappa òg opp fransk, som òg vart nytta. Engelsken kom seinare. Nei, han var ikkje dårleg i engelsk. Men aksenten vart han altså ikkje kvitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.