Bok

Ein fortidsfabel

Debutant Martin Tesli har ein god idé, men kunne ha utvikla han betre.

Martin Tesli har alt varsla at bok nummer to er på veg.
Martin Tesli har alt varsla at bok nummer to er på veg.
Publisert

Svograne Leira og doktor Didriksen vaknar etter ein fuktig og oppheta kveld opp til ein ny dag. Dei er framleis ein plass i Oslofjorden, men sivilisasjonen slik dei kjenner han, er borte. Snart kjem nokre munkar og ror dei over til Hovedøya, der det ligg eit kloster. Dei blir etter avhøyr tiltalt for vranglære. Kva har skjedd – er dei i ein psykose? Overmanna av delirium? Er dei utsette for ein spøk, eller med i eit realityprogram?

Kva skjer?

Ideen er god og lokkande for ein lesar. Problemet er at ideen blir svakt forløyst, for det første gjennom svært mange gjentakingar i den første delen, der Leira og Didriksen forvirra prøver å skape meining i tilværet. Kvar gong Leira lurer på kva tid programleiaren i realityshowet skal dukke opp, er det som om vi får presentert denne teorien for første gong, men så kan det vere for tjuande. For det andre er teksten i lange strekk nesten berre meisla ut som spørsmål om korleis dei har hamna i denne situasjonen: «Hvor er det egentlig vi befinner oss?» «Men hvis en tidsreise på denne måten var umulig, hva var det da snakk om»? «Og hvem i all verden var egentlig de?» Ein er utmatta etter éi side med dette, men her er det snakk om ein stadig tilbakevendande metode over 450 sider. I desse partia kjem ein ikkje av flekken som lesar, for det einaste som skjer, er at personane lurer på kva som skjer.

Interessant tese

Så, innimellom, skjer det noko i verda utanfor hovuda deira, som at den slemme abbeden får skuldra ut av ledd, og doktor Didriksen får eit høve til å vise kva han kan. Det er også eit par andre dramatiske hendingar som kallar på merksemd, ikkje minst under Leiras flukt frå øya heilt mot slutten. Det er riktig spennande å følgje han heile vegen fram til siste side.

Men fram til det er det meste av handlinga òg spørsmålsbasert. Dei som lever i gamle dagar, spør dei som kjem utanfrå om korleis dei tenkjer om religion, medisin og samfunn. Det verkar oppstylta – var det slik eit møte mellom ulike tider ville føregått? Ei pågåande utspørjing?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement