JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein folkefiende mot
samfunnets støtter

Eit innlegg mot ukontrollert digitalisering av barneskulen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gaute Brochmann (f. 1980) er arkitekt, journalist i Morgenbladet, redaktør for Arkitektnytt og trebarnsfar.

Foto: Åsmund Holien Mo/Cappelen Damm

5693
20200904
5693
20200904

Sakprosa

Gaute Brochmann:

De digitale
prøvekaninene:

Historien om hvorfor barnet mitt plutselig kom hjem med en iPad i skolesekken

Cappelen Damm

Ei bok skriven av ein arkitekt om pedagogikk? Ut frå eigne fordommar vil eg plassere desse to faga nedst på ei liste. Dei har gjort mykje skade, er styrte av skiftande moter og brukar ovanfrå-og-ned-argumentasjon mot annleistenkjande.

Men no viser det seg at Gaute Brochmann ikkje er praktiserande arkitekt, berre redaktør av Arkitektnytt, og elles kritisk kulturjournalist i Morgenbladet. Då har han allereie stige på lista mi, ikkje minst av di boka hans består av kritisk nedanfrå-og-opp-argumentasjon av godt slag. Og endå betre: Boka avslører ikkje berre ovanfrå-posisjonen til pedagogane og skulebyråkratane, men freistar òg å peika på kor argumentasjonslaus og motestyrt han er.

Nettbrett

Ein pedagogisk mote var til dømes å erstatta lukka klasserom med opne klasselandskap, slik kontorlandskap var ein mote innført ovanfrå, på tvers av all empiri. Boka til Brochmann tek føre seg det siste pedagogiske skriket: innføring av nettbrett allereie for fyrsteklassingar. Det Brochmann vil gjera, er fyrst å skildra kva som skjer i barneskulen i og med innføringa av nettbrett der, og korleis kommunehusa har vedteke innføringa av dette. Dinest vil han gje eit oversyn over forskinga om dette, sett i samanheng med politisk og teknologisk historie, slik at vidare diskusjon kan vera fakta- og kunnskapsbasert. Dette er likevel fyrst og fremst eit engasjert partsinnlegg. Brochmann er motstandar av at nettbrett skal innførast som portal for all læring på barneskulen.

Engasjementet viser Brochmann ved å forankra boka i eigne opplevingar – han er far til ein fjerdeklassing på skule i Lillehammer, ein kommune som tydelegvis er komen langt i digitalisering. Han er òg møteplagar på foreldremøte. Stort sett er foreldremøte i den offentlege skulen meint å vera einvegskommunikasjon til foreldra om vedtak i stat og kommune. Men Brochmann er altså ein av desse kverulantane som vil ha svar: Kvifor nettbrett?

Her er den store forklaringa som han meiner å ha funne: Alle er samde i at oppfinninga av PC/Mac, og dinest internett, var store framsteg som har ført til digitalisering i samfunnet, mest på godt. Alle er samde i at born må læra dette. Men kor tidleg og kor mykje? I byrjinga fekk skular eigne datarom der elevane var innom og leika seg. Men så skjedde nokre revolusjonar: I 2007 kom Iphone og i 2010 Ipad, altså nettbrett med berøringsbrukarsnitt og wifi-kontakt med internett, så dei kunne fungera både som mobil og som datamaskin. Ipaden var dessutan mindre og lettare enn ein laptop. No kunne ein tenkja seg at nettbrettet skulle brukast av ungane berre som eit lesebrett for alle pensumbøkene, og dermed spart ungane for tunge ranslar. Men då nettbretta kom, var det som om ein teknologisk tsunami, sett i gang av Apple, Google etc., velta inn over politikarar, utdanningsdirektorat og dei kommunale barneskulane. Nye bruksmåtar kravde å verkeleggjerast: No er nettbretta fylte med appar, og elevane gjer alt skulearbeid via desse.

Trendforsking

Spesifikt kven som har vore pådrivar for dette er Brochmann usikker på, og det er vel òg politikarane, pedagogane og skulebyråkratane sjølve. Men ikkje dataselskapa, som ser på skulen som eit marknadsparadis. I alle høve har alle vore styrte av ein teknologideterministisk/optimistisk ideologi, og så har dei laga pedagogiske grunngjevingar på etterskot. Eit hovudpoeng for Brochmann er at desse grunngjevingane ikkje er bygde på reell forsking om nettbrett. I staden er dei bygde på trendforsking, altså forsking som berre viser kva som kjem til å verta mote, ei underbygging av den teknologideterministiske ideologien. Og når det vert etterspurt kva for konkret positiv pedagogisk gevinst bruk av nettbrett gjev, vert det svara: Det gjer elevane glade og difor motiverte. Altså ikkje at dei vert betre til å lesa, skriva og rekna, men held seg i skinnet gjennom skuledagen.

At dette med motivasjon er så viktig, har etter mitt syn samanheng med at barn byrjar altfor tidleg på skulen, før dei er seks år, og er der altfor lenge om dagen, for så å verta deponerte i SFO/AKS. Alt dette for at dei skal vera ein trygg stad medan foreldra realiserer seg sjølve.

Brochmann på si side har spora opp forsking som avviser at nettbrett gjev auka læringsutbytte. Ikkje minst nevropsykologisk forsking som seier noko om at å vera skjermavhengig utløyser lystframkallande dopamin. Mot teknologideterministane, som vil seia at å slåst mot nettbrett for barn kan samanliknast med å slåst mot bilen då han kom på slutten av 1800-talet, viser Brochmann til at det i dag vert sett inn mottiltak mot bruk av bil: Kven skulle trudd at det ville koma bilfrie sentrum? Han viser òg til Stavanger, der dei raudgrøne har redusert databruken, og no sist sagt nei til bruk av nettbrett for dei minste. Han argumenterer dessutan med at nettbrettbruk aukar klasseskilnader, og viser til at dei rike direktørane i Silicon Valley sender borna sine på private steinerskular. Der er nettbrett bannlyst.

Boka er eit godt motinnlegg, som sjølvsagt allereie har fått svar frå minister Melby og pedagogar. Sjølv er eg minst like uroleg for kva som skjer med skjermbruken til seksåringane når dei vert vaksne: Allereie går dagens vaksne ikring som zombiar og stirer på mobilane sine. Og har gløymt kunsten å stire ut i tomme lufta.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved UiO og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Brochmann er motstandar av at nettbrett skal innførast som portal for all
læring på
barneskulen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis