Bok
Ei vond stund for kunstnarleg ytringsfridom
Boka om Ways of Seeing er ei blanding av viktig dokumentasjon, utdjupande tekstar og til dels ukritisk hylling.
Pia Maria Roll, Sara Baban og Hanan Benammar stod bak framsyninga som hadde premiere på Black Box teater 21. november 2018. No har dei skrive bok om det som hende etterpå.
Foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB
Ways of Seeing er framsyninga på Black Box teater i Oslo som svært få har sett, men mange har meint mykje om – ofte sterkare jo mindre dei visste. Aldri i norsk kulturliv har så mykje gale vore sagt av så mange på så sviktande grunnlag. Ways of Seeing er framsyninga som fekk eit «offer» til å ty til terror, som indirekte felte ein statsråd, som truga rettstryggleiken, som fekk ein uvitande statsminister til å seie farlege ting (utan vilje til sjølvkorrigering), som fekk «Kultur-Noreg» til å teie inntil dei kjende «fasiten», og som sette delar av det politiske etablissementet i eit mildt sagt tvilsamt lys.
Ways of Seeing er også ei historie om då rettsstaten heldt på å svikte, der ein kunnskapslaus statsadvokat pressa Oslo-politiet til å gå vidare med saka mot teaterfolka dei to gonger hadde lagt til side – og der eit panisk politi ville ha ransaka heimen til teatersjefen og regissøren om ikkje tingretten hadde stoppa dei. Og der Frp – igjen – fekk synt fram sitt sanne kultursyn og intrigerande nettverk på høgt politisk nivå.
Inga stjernestund for demokratiet, ytringsfridommen og den politiske debatten på høgresida.
Og alt dette for ein sjanger som til vanleg knapt når utanfor institusjonens eigne vegger.
Svekt heilskap
Ei bok om fenomenet Ways of Seeing og alt som skjedde etter premieren, er difor absolutt på sin plass. At bortimot helvta av den 440 sider tjukke publikasjonen er ein – rett nok totalt hovudstadsdominert – dokumentasjon av den uforsonlege mediedebatten, gjer boka til eit viktig historisk dokument. Likeins at heile teksten til teaterstykket er med (sjølv om det blei improvisert ein del frå kveld til kveld).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.