Nyhendeanalyse

Uro på tysk venstreside

Landsmøtet til dei tyske sosialdemokratane synte kor skøyr regjeringskoalisjonen i Berlin er.

Lars Klingbeil, finansministar, visekanslar og partileiar for dei tyske sosialdemokratane.
Publisert Sist oppdatert

Det er harde tider for det tyske sosialdemokratiet. Ikkje berre tapte sosialdemokratane (SPD) parlamentsvalet i vinter. Der blei dei tredje største parti med eit historisk dårleg resultat på 16,4 prosent. I tillegg måtte dei inn i ein upopulær storkoalisjon saman med den tradisjonelle hovudkonkurrenten, kristelegdemokratane, for det var berre slik ein kunne få fleirtal i parlamentet utan å gi AfD makt.

Men no murrar det på grasrota. Den 11. juni publiserte ei partiintern gruppe eit manifest. Her tok dei til orde for ei ny tilnærming til Russland: «Vi er overtydde om at den einaste ansvarlege vegen mot ein felles tryggleik er å forhindre krig trass i ideologiske skilnader og ulike interesser.» Mellom dei som har skrive under, er ein tidlegare partileiar, ein tidlegare parlamentarisk leiar og fleire tidlegare ministrar.

Manifestet anerkjenner at «vi er langt frå å vende tilbake til ei stabil freds- og tryggingspolitisk ordning i Europa» etter 2022, men forfattarane overser at den førre kanslaren, Olaf Scholz, oppmoda om å få med Russland i fredsforhandlingar alt i fjor.

Fredstradisjonen

Ved første augekast kan manifestet verke overraskande, for det var nett SPD og Olaf Scholz si regjering som braut med den forsonlege politikken tyskarane tradisjonelt har ført andsynes Russland. Det var også dei som gjorde Tyskland til den viktigaste støttespelaren til Ukraina i Europa. «Svært beklageleg», kalla forsvarsminister Boris Pistorius manifestet, også han sosialdemokrat.

Men det burde ikkje overraske. Sosialdemokratane har lange pasifistiske tradisjonar. Partimedlemmane er stolte over Willy Brandts forsonlege Ostpolitik andsynes nabostaten DDR og Sovjetunionen. Han blei krona med Nobels fredspris i 1971. Men denne tradisjonen har blitt meir og meir fortrengd av realpolitiske behov sidan 2022.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement