Bok
Ei utdanningsreise
Tara Westover skriv drivande godt om vegen frå skraphaugen til doktorgraden.
Tara Westover vaks opp i ein mormonfamilie som dreiv med heimeundervisning og var sjølvforsynte.
Foto: Paul Stuart
Med Noe tapt og noe vunnet gjekk debutanten Tara Westover rett inn på New York Times’ bestseljarliste då boka kom ut i 2018. Historia om jenta som vaks opp i ein skulefiendtleg mormonfamilie i ein liten fjellandsby i Idaho, og som meir eller mindre på eiga hand kom seg ut i verda og fekk seg ei utdanning, har vekt oppsikt. Forteljinga har nådd heilt fram til USAs tidlegare president Barack Obama, skjønar vi på omslaget, der han er sitert med vurderinga «Bemerkelsesverdig».
Gud som ansvarleg
Men Barack Obama er for atterhalden. Det finst nesten ikkje ord for den reisa Tara Westover har føretatt, sett bort frå at ho sjølv har greidd å formulere det over 372 sider. Men det er noko med distansen som er tilbakelagd, på det indre planet, som er forbløffande.
Vesle Tara veks opp i ein familie der trua på dommedag, og skepsisen til offentlege tenester – skule, helsevesen og rettsvesen – dominerer. Den store søskenflokken har ei slags heimeundervisning, men elles arbeider dei på skraphandelen som faren driv. Enkelte av søskena finn sjølv fram til fagbøker av rein lærelyst, og les sjølve. Eit par av dei reiser vekk og skaffar seg utdanning. Resten blir i ulike handverksyrke og vender med jamne mellomrom heim for å hjelpe faren.
Men det er farefullt å hjelpe faren. Han seier at Gud ikkje vil la nokon bli skadde på arbeidet, om det ikkje er meininga, noko som fritar han frå å vere forsiktig. Han kastar jernbitar rundt seg, treffer ofte ungane, han bringar dei i kontakt med livsfarlege maskinar, heilt utan at han treng å beskytte nokon – det er uansett ikkje opp til han. Og alt dette endar i mange og alvorlege skadar i søskenflokken. Han sjølv slepp heller ikkje unna. Men det er Gud som vil det, slik at ein kan få bevist at urtemedisinane til mora i familien, «Guds apotek», både verkar og utkonkurrerer den syndige farmasien.
Frå dette utgangspunktet finn ei lita jente ut at det må vere noko anna, noko meir, eller andre sanningar, ein stad. Ho les så mykje på eiga hand at ho blir i stand til å bestå ei opptaksprøve som opnar vegen til vidare utdanning. Men det er ikkje berre snakk om å få seg ein artium. Nei, Tara, som aldri har sett sin fot i eit klasserom, som når ho 17 år gammal synest namnet Shakespeare verkar kjent, og som aldri har høyrd om holocaust, kjem seg etter kvart til Harvard og Cambridge. Ho blir dr. Westover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.