Bok
Ei slik bok treng vi i Noreg òg
Tre danske politikarar har sett seg leie på kunnskapslause journalistar. Det har dei gjort noko med.
Dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen då han la fram stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018–2029. Norske journalistar trur at det er ein handlingsplan.Dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen då han la fram stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018–2029. Norske journalistar trur at det er ein handlingsplan.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixFoto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Sakprosa
Når ein byrjar å draga på åra som journalist og kanskje til og med har byrja å få litt røynsle og kunnskap, finst det ikkje noko meir irriterande enn andre og yngre journalistar. Ja, dette er gamal manns klage: Men dei kan ikkje den minste ting! Tak til dømes Nasjonal transportplan (NTP). Den kjem kvart fjerde år nett føre Stortinget stenger for valet, og er full av lovnader og grandiose planar. Planen vert laga for at regjeringspartia og representantane deira skal kunne driva valkamp basert på luft og ingenting. For som alle journalistar burde vita: Det er berre gjennom statsbudsjettet Stortinget kan vedtaka løyvingar.
Men kva gjer journalistar flest og særleg lokal- og regionaviser? Dei læst som om NTP er det same som statsbudsjettet. Side opp og side ned vert det skive om alle tunnelane og flyplassane og bruene som skal koma. Men det er framleis ikkje nokon ny jarnbane til Hønefoss. Norske journalistar burde ha ei oppslagsbok, og under NTP burde det stå: «Tomme valkamplovnader, pengar kan berre løyvast i samband med statsbudsjettet.» Under Forsvarets langtidsprogram burde det stå: «Lit ikkje på eitt einaste tal, rekn sjølv eller skriv om noko anna.»
Diverre ikkje her
Ei slik bok eller oppslagsverk finst diverre ikkje i Noreg. Men boka finst i Danmark. På grunn av Sandheden kort har ikkje danske journalistar no lenger ei orsaking for å vanta elementærkunnskap om den politiske prosessen i Folketinget. Dei tre forfattarane har, som så mange andre, sett seg lei på kunnskapslause journalistar. Dette snakka dei om under ei opning av FN. Dei tre sat og drakk øl og fann brått ut at no heldt det ikkje lenger å klaga, no måtte noko gjerast. Dei avtalte å skriva denne boka, som langt på veg er tverrpolitisk, sidan dei tre representerer Liberal Alliance, Venstre og Socialdemokratiet. Boka er det dei kunne verta samde om at var felles i den politiske prosessen.
Sjølvsagt burde noko liknande koma i Noreg. Tre røynde representantar for tre ulike parti, til dømes Frp, Høgre og Ap burde setta seg ned og skriva ei stikkordbok, som Sandheden kort er. Korleis bør til dømes ein grunnlov vera? Dahl, Ellemann-Jensen og Hækkerup skriv at den danske grunnloven samsvarar perfekt med Napoleons krav: «En forfatning skal være kort og uklar.» At den danske er slik, har «gjort det utrolig populært at henvise til den, selv om man ikke forstår den». Så går dei kort vidare og forklarer kva grunnloven ikkje er, og kva han er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.