JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei reise i ragnarok

Med Gullbrikkespillet fullfører Asle Toje ein trilogi som skildrar ei lang reise på kryss og tvers i eit Noreg og Europa i stor endring. Men det er òg ei reise i sinnet, loggføring av ein erkjenningsprosess.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Asle Toje er forskar, forfattar og kommentator. Han er òg medlem i Den Norske Nobelkomite.

Foto: Heiko Junge / NTB

7511
20201127
7511
20201127

Sakprosa

Asle Toje:

Gullbrikkespillet

Dreyer

Asle Toje har fagleg tyngd som statsvitar, utanrikspolitisk forskar og medlem av Den Norske Nobelkomite, men skriv med litterært grep og blikk. I lettlesne parti, naturleg fletta inn i teksten, vert lesaren innført i samtidsanalysar som både utfordrar og opplyser ei ålmente som ligg litt etter si eiga tid.

Frå den siste boka kunne nemnast David Goodharts The Road to Somewhere, som forstår framvoksteren av populistisk opprøyr som ein «motreaksjon på liberale overdrivelser», og Toje oppsøker Goodhart og tek oss med inn i dialogen med forfattaren. Men vi får også vitjingar hos skjønnlitterære forfattarar, frå Thomas Manns Trollfjellet til Karl Ove Knausgårds Min kamp, alt lett å lesa, men ikkje overflatisk.

Denne grensekryssinga mellom det vitskaplege og det eksistensielle er sjeldan vare i norsk bokheim. Berre ei utakksam ålmente som ikkje trur på seg sjølv, unnlèt å verdsette slikt.

Rødt, kvitt og blått

Dei tre titlane er velvalde og fortel kva det står om for Toje. Rødt, hvitt og blått (2012) er fargane til trikoloren og syner til den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap. Det er samstundes fargane i det norske flagget, forma til ein kross.

Det handlar altså om demokratiet i Europa, som er undertittelen på denne fyrste boka i trilogien. Kva skjer når «arbeidarklassa vert trygdeklasse», og når politikarane dannar ei eiga klasse med større nærleik til kollegaer i andre land enn eigne veljarar?

Ut frå slike spørsmål tek Toje opp spørsmål som i alle fall for få år sidan fall utanfor det opne ordskiftet, som nedgang i fødselstalet, auke i innvandringa, svekking av dei kreftene som bind oss saman, tapet av kristendomen, mistrua til EU og sosialismens samanbrot. Typisk for Toje er at slike saker vert utvida og utdjupa av det uvande spørsmålet: Kvifor har kunsten mista si samlande kraft? Kva kan i det heile halde oss saman, som nordmenn og som europearar?

Jernburet

Band to av trilogien, Jernburet (2014), spør om vi kanskje ikkje lenger er deltakande borgarar i ein verkeleg sosial fellesskap, men er blitt omgjorde til kundar og konsumentar med lite kontakt mellom kvarandre og lågt medvit om kven og kva som eigenleg styrer oss. Har liberalismen, som frå 1980-åra av avløyste sosialdemokratiet som grunnleggjande ideologi og verdisett, undergrave seg sjølv?

For å sette lys på dette nyttar Toje omgrepet «jernburet», henta frå sosiologen Max Weber. Det kjenneteiknar korleis det moderne mennesket på vegen mot fridom vert fanga av dei strukturane vi skaper med vår eiga fornuft. Vi har utvikla eit statsbyråkrati og ei økonomisk ordning som er tvers gjennom rasjonell, men som samstundes gir oss kjensla av å vere maktlause og som produserer katastrofar som finanskrisa, klimakrisa og migrasjonskrisa. Alle ordningane våre står fram som dei best mogelege og friaste, men stenger oss ute frå kontakt med makta og fråtek oss styringa av vårt eige liv.

Dette paradokset opnar for spørsmålet om ikkje rasjonaliteten vår er for einsidig. Det leier oss til den andre, metafysiske sida av Webers «jernbur». Som Toje seier i eit intervju, er han «blant dem som mener at denne [europeiske] krisen er vel så [meget en] åndelig krise som den er økonomisk», eller politisk, kan vi leggje til.

Gullbrikkespillet

Tittelen på den siste boka i trilogien, Gullbrikkespelet, er henta frå Voluspå, der gudane spelar med gullbrikker i graset på Idavollen, ein idyll som etter lang stillstand brått går over i ragnarok, ei ulvetid der all ordning vert broten ned av kaoskrefter, brør drep kvarandre, reddsame naturkatastrofar lèt kontinent søkke, æser og jotnar kjempar og går under. Men på andre sida stig ei ny verd fram, og dei overlevande gudane finn att i graset dei gullbrikkene dei hadde spela med før katastrofen, og med dei få menneska som har overlevd undergangen, byrjar historia på nytt.

Eg les Toje slik at når reisa hans endar i klosterrepublikken Athos, det siste levande som er att av Bysants, ein rest av det gamle Europa, så knyter han seg til det same biletet som vert sett fram av Michel Houellebecq i romanen Underkastelse og av Douglas Murray i The Strange Death of Europe. Både Murray og Houellebecq skriv som om Europa ikkje har noka framtid, eit sams kulturelt eller åndeleg grunnlag som vi mista då kristendomen forvitra.

Dei som tenkjer slik, ser på nasjonalismen, kommunismen og liberalismen som religionserstatningar. Desse kvasireligionane har no lide same skipbrot som den gamle kristendomen. I skuggen av desse samanbrota synest det for mange intellektuelle at vi ikkje kjem vekk frå religionen. Flukta frå religionen endar i rasjonalitetens jernbur, eller i politikkens forgifting med religiøs trusiver og inkvisisjon, slik vi i førre hundreåret såg det i dei store kommunistiske, fascistiske og nazistiske utopiane. Her siterer Toje den meksikanske nobelprisvinnaren i litteratur, lyrikaren og tenkjaren Octavio Paz, som seier at «politikkens religion» vart «fødd fra ruinene av kristendommen».

Det paradoksale er no at kristendomen vert atterfødd av politikkens ruinar. Noko av det mest påfallande med til dømes Murrays innlegg for kristendomen som fornya samfunnskontrakt eller kulturgrunnlag, er at han ikkje trur på kristendomen. Nauda er vorten så stor at ein vil ha eit idégrunnlag som ein ikkje eingong trur på sjølv, for å hindre den endelege undergangen for Europa.

Eit indre rom

Ja, Europa er vel ei kvit løgn verd. Også Tojes reise endar altså i klosterrepublikken Athos, men eg føreslår at denne endestasjonen skal oppfattast biletleg. Toje vil ikkje attende til mellomalderen, men nok vil han inkorporere fortida i samtida. Ein av dei siste kapitteloverskriftene, «Konstantinopel falt i går», får meg til å tenkje at det han søkjer på reisa si frå ruin til ruin gjennom eit Europa som har ei større fortid enn framtid, er nett ein venskap med tida. Det som var for tusen år sidan, er her enno. Fortida er samtid.

Fiendar av tida

Fleire av Tojes motspelarar i dette gullbrikkespelet er fiendar av ikkje berre fortida, men av tida i seg sjølv. Gjennom teknologiske inngrep, økonomiske overgrep og kulturell ekstremisme skal det verte skapt ei ny verd med nye menneske utan stans. Både den radikale venstrerørsla med støyande rettferdsfanatikarar og det mektige Davos-folket som eig kloden og styrer verda, rører seg rastlaust framover, stadig oftare hand i hand, og vil leggje alt gamalt bak seg. Blikket deira er vendt framover og utover, og alt skal endrast, unnateke klimaet.

Aller sist tek Toje inn på klosteret Koutloumousiou, som gjest og ikkje munk. Men han tek del i klosterlivet og stig såleis for ei stakka stund ut av modernitetens svimlande tempo. I ei gudsteneste vert han teken ut av tida og ført «tilbake til de tidligste kristne menigheter», det vil seie at idet tidas ras stansar opp, kjem han inn i eit indre rom der fortida stadig finst, berre på ein annan plass i sinnet, og to tusen år er inkje. Det er dette indre rommet vi er i ferd med å miste evna til å tre inn i. Vekkjast denne evna opp att, svinn også grensene mellom oss på ein djupare måte enn i EUs indre marknad.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Grensekryssinga mellom det vitskaplege og det eksistensielle er sjeldan vare i norsk bokheim.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis