Ei bok utan svar
I 40 år har ulikskapen vakse i Vesten. Globaliseringa har skulda. Men det visste vi frå før.
Sakprosa
Branko Milanovic:
Global Inequality.
A New Approach for the Age of Globalization
Harvard University Press 2016
Jon Hustad melder bøker han les, gamle og nye.
Serbaren Branko Milanovic er vel det vi kan kalla økonomen til økonomane. Han er nokså ukjend utanfor fagmiljøa, men har fått ei rekkje fagprisar. No har han stillingar på ulike prestisjeuniversitet både i Europa og i USA, men han er tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken. I Global Inequality summerer han opp det som har vore det fremste forskingsfeltet hans, ulikskap, som han er djupt uroleg for. Han meiner den veksande ulikskapen vi ser i Vesten, kan føra til krig. Men han har inga von om at vi vil sjå noka endring.
Utviklinga i ulikskap kan delast inn i tre periodar. Den fyrste industrialiseringa fører til vekst i ulikskap. I England voks ulikskapen fram til 1870-åra, ikkje av di dei fattige vart fattigare, men av di dei rike vart rikare. Den same utviklinga såg ein i alle andre land som vart industrialiserte. Men så kjem ein nasjon til ein periode då ulikskapen vert redusert. For dei fleste andre land enn England kom vendepunktet i mellomkrigstida, i USA etter krasjet i 1929.
Kong Kunnskap
I byrjinga av industrialiseringa er kunnskap konge. Den som forstår seg på den nye teknologien og har kapital, har eit enormt føresprang. Men når dei rike og kunnige får stadig større leiing, dryp det på klokkaren. Med industrialisering fylgjer skulegang og kunnskapsspreiing. Men di fleire som vert utdanna, di mindre verdi får utdanning. Når alle kan lesa, har ikkje lesing nokon økonomisk verdi for den einskilde. Dimed får dei som kan noko, stadig mindre betalt for denne kunnskapen. Heile Vesten vart rikare og jamnare fram til slutten av 1970-åra.
Men så kom 1979. Året som gav oss den islamske vendinga, gav oss også Margaret Thatcher og Deng Xiaopings opning mot omverda. Tida mellom 1929 og 1979 var prega av sterke globale reguleringar, der særleg kapitalflyt vart hindra. Tida etter 1979 har vore prega av deregulering og frihandel. Ja, vi har fått ein global nedgang i ulikskap. Kina har fått ei enorm mellomklasse, og no er også India kopla på den globale vekstmotoren. Men dette har igjen ført til ei utarming av særleg den lægre mellomklassa, der den amerikanske og britiske arbeidaren høyrde heime. I tillegg fører globalisering automatisk til lægre skattar for dei rike. Når kapitalen flyt fritt, kan ikkje einskildnasjonar ha høge skattar på kapital. I Noreg har overskotskatten kome ned i 22 prosent, men ligg i røynda endå lægre. Etter Gro Harlem Brundtlands skattereform i 1992 såg vi straks ein større ulikskap i Noreg, at han ikkje har auka meir etterpå, handlar i hovudsak om at staten har subsidiert dei som har minst, med oljepengar.
Uklar bodskap
Eg må seia at eg ikkje heilt forstår kva Milanovic vil med denne boka. Ja, ho er full av tal og tabellar, og ho dokumenterer ei urovekkjande utvikling. Men denne utviklinga er kjend, og ho har vore kjend lenge. Dessutan er boka full av kjepphestar. Milanovic må vel seiast å vera marxist, Marx vert hyppig sitert og er den største tenkjaren og økonomen nokon gong. Ein annan kar Milanovic liker, er Lenin. Han seier at Lenin hadde heilt rett i imperialismetesen sin, at kapitalismen heile tida må utvida seg for å overleva, og at fyrste verdskrigen braut ut av di Tyskland ville ekspandera og England nekta dei dette. At England så vann av di dei hadde tilgang til verdas finansmarknad, men Tyskland ikkje, tek han som eit teikn på at Tyskland hadde rett. Dei måtte ekspandera. Kunne ikkje Tyskland heller late vera med å gå til krig?
Kva fyrste verdskrigen har med veksande ulikskap innanfor land å gjera, har eg litt vanskeleg for å sjå. Og eg forstår heller ikkje heilt kvifor han meiner fyrste verdskrigen viser oss kva som skjer om vi ikkje får gjort noko med den veksande ulikskapen, når tala viser at ulikskap mellom land globalt går ned. Milanovic får seg heller ikkje til å seia at globaliseringa bør reverserast. Det er forståeleg, for det er sjølvsagt eit gode at fattigdomen i Kina er nær utrydda, og at det ser ut som India òg går i den retninga. At USA etter Korea-krigen gav Sør-Korea full tilgang til den amerikanske marknaden, har gjort at landet har gått frå å vera lutfattig til å verta eit av verdas rikaste.
Kva med Trump?
Særleg frustrert er Milanovic over amerikanske veljarar. Han vedgår at «falskt medvit» er eit dårleg omgrep, men han meiner likevel at amerikanarar flest lid av dette. Og dei lid av det på grunn av media, som ikkje fortel dei kor ille tilstanden er i USA. Milanovic meiner dei rike heilt uforstyrra har fått rigga systemet. Her siterer han Bush junior, som då han var på eit møte for å skaffa seg meir valkamppengar, sa til alle rikingane: «Mange kallar dykk eliten, eg kallar dykk basen min.» Og nett av di dei rike har full kontroll og tener så godt på globaliseringa, spår han at det aldri kjem ei reversering av globaliseringa. Men berre nokre månader etter at boka kom ut, valde amerikanarane Donald Trump, som har innført svære tollmurar mot Kina.
Boka har ein del artige parti: Han gjer godt og grundig narr av dei som vil ha meir utdanning i Vesten, han kallar Davos-menneska som vil ha ned CO2-utsleppa, hyklarar, og han stiller seg nokså avventande til påstanden om at høge skattar for vanlege folk får ned ulikskap. Japan og Sør-Korea har låge skattar og liten velferdsstat, likevel har dei ikkje større ulikskap enn velferdsstaten Canada. Men nei, eg veit ikkje kva Milanovic vil med denne boka. Sett i lys av ho har gjeve han ei rekkje prisar, tek eg kan henda feil.
Jon Hustad
Jon Hustad er journalist i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Milanovic meiner dei rike heilt uforstyrra har fått rigga systemet.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.