JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei av våre største

Dette er klassisk novellekunst som bør lesast av stadig nye generasjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Torborg Nedreaas (1906-1987) rekna seg først og fremst som novellist.

Foto: Biletarkivet til Aschehoug

4116
20240322
4116
20240322

Noveller

Torborg Nedreaas:

Jeg skal ha revansje – og andre noveller

Aschehoug

Kropp og krig

Torborg Nedreaas legg ikkje fingrane imellom når ho skriv fram ukorrekte møte mellom okkupant og okkupert.

Torborg Nedreaas (1906­–1987) er i vinden. Ein teaterversjon av abortromanen Av måneskinn gror det ingenting frå 1947 går på Den Nationale Scene i Bergen, og Aschehoug kjem med ei samling av novellene hennar. Dette er klassisk novellekunst som bør lesast av stadig nye generasjonar. Kanskje særleg i ei tid då tidsånda på ny ser ut til å dreie mot svartkvitt-tenking, minner desse ganske så politisk ukorrekte tekstane oss om kor samansett og uføreseieleg menneskesinnet er.

Årets bok hentar noveller frå tre av samlingane til Nedreaas. Eit fleirtal er frå Bak skapet står øksen frå 1945. Dei tematiserer dei fem åra då fleire hundre tusen soldatar frå ei framand makt heldt til i landet vårt. Framande unge menn! Det er det som oppstår mellom desse og dei norske kvinnene, forfattaren skildrar så uvanleg fritt for skuggeredsle. Kva skjer når drifter og lyster får spele seg ut på tvers av fiendskap og krig?

«Er det kanskje nettopp fordi dei tyske soldatane er forbodne, at dei har ei slik dragande kraft?»

Å vere ukorrekt

Mange har skrive om uretten «tyskarjentene» vart utsette for i tida etter frigjeringa. Nedreaas tar opp dette på klårøygd vis i «Gjengjeldelsens lov». Motstandskvinna som nektar å vere med på skamklippinga, er den klart mest rakrygga karakteren her.

Men meir interesserer det forfattaren kva som i det heile tatt fekk norske kvinner til å gå saman med tyske menn, når dei nok visste at dei kunne sette heile tilværet på spel. Ho vil inn på det som skjer på tvers av det politiske, det som oppstår spontant i kroppen til desse for ein stor del unge menneska. Er det kanskje nettopp fordi dei tyske soldatane er forbodne, at dei har ei slik dragande kraft?

Nokre gonger er det berre i kjenslene det skjer. I novella «Kvinnlinger 1» møter vi ei pur ung jente dagen ho har fått sin første menstruasjon. Kropp og sinn er på brestepunktet i eit mylder av ukjende og motstridande kjensler på trikken gjennom Bergen saman med skulevenninner. Jentene ler og støyar i ung livslyst. Men Margrethe er svimmel og har smerter.

Trikken er full, berre eitt sete er ledig. Men der kan ho ikkje setje seg – for ved sida av sit ein tysk soldat! Det var ein uskriven lov blant «gode nordmenn»: aldri setje seg ved ein tyskar. På venninna si oppfordring gjer Margrethe det heilt uhøyrde. Og kokte ho ikkje over frå før, blir ho nesten slått i bakken av å få den unge mannskroppen så nær sin eigen. Tyskar eller ikkje. Eller altså nettopp difor.

For Margrethe får ikkje hendinga noko vanskeleg etterspel. For dei fleste kvinnene i novellene går det langt verre. Sjølv om dei handlar om lyst, er novellene langt frå lystige.

Småkårsfolk

Det er gjerne småkårsfolk Nedreaas skildrar, ofte i eit tåketungt kystlandskap. I den fortetta novella som har gitt tittel til samlinga, handlar det om sjakk – men sjølvsagt også om eit heilt anna slags spel. Skomakaren er sjakkmeisteren i bygda som held folk i ande inne i verkstaden sin nokre stilleståande vinterdagar over det svarte og kvite brettet.

Skomakaren er suveren – heilt til det kjem ein tysk soldat. Men det er ikkje berre på sjakkbrettet skomakaren taper. Det heile er sett gjennom ein eg-forteljar som mest er som ei fluge på veggen, men som brått høgg til og avslører kva som går føre seg bak ryggen til dei som spelar. Det er duka for ei hemnakt av Shakespeare-aktige dimensjonar.

Hemn er også temaet i «Bak skapet står øksen». Også denne gongen blir vi tekne med inn i nokre av dei mørkaste krokane i eit menneskesinn.

I seinare noveller skriv Nedreaas stadig gjerne om barn og kvinner som hamnar i eller er fødde inn i utanforskap, vi møter barneheimsbarn eller einsame hushjelper.

Takk til Aschehoug for å skape ny blest om Torborg Nedreaas, ei av våre aller største.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis