JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dystopi med ein vri

Alt som ikkje står, men finst, i den korte romanen til Sondre Midthun, er det geniale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sondre Midthun har gjeve ut tre romanar sidan debuten i 2011.

Foto: Thomas Kleiven

3398
20211224
3398
20211224

Roman

Sondre Midthun

En heldig løsning

Cappelen Damm

Vi er i eit Nordland litt fram i tid. Det er mangel på vatn, og ein må ty til sjøen og regnvatn for det mest naudsynte. Sola er sterk, ein må ha parasoll med seg ut, og landskapet er så tørrsvidd at regnskurene – som kjem sjeldan, men plutseleg – riv med seg jord og leire i bakken.

Fjellet kalvar. Det var slik Inge og dottera Live mista kona og mor si, Marta, og Lives veslebror, Narve; dei omkom i eit ras. No prøver Inge og Live, og Inges bror Åge, som bur i nærleiken, å klare seg som best dei kan.

Live lever

Inge driv ein nærbutikk, men det er så som så med tilfanget til varelageret. Live har eit eldgammalt nettbrett som knapt verkar, og inga utsikter til å få eit nytt. Å ete torsk to dagar på rad er råflott. Ute på Fugløy bur Tidemann, som kjem på besøk ein dag Inge har kledd seg i kleda til kona. Dette ser ikkje ut til å plage Tidemann, tvert imot. Sidan Marta har arbeidd heime hos dei i fleire år, er det som om han òg ser ein sjanse til å bevare Marta litt lenger.

Så kva gjer Inge når geolog Tidemann inviterer dei til å bu og drive butikk på Fugløy i staden for å bli verande på den rasutsette staden? Er det Inge eller Marta som er invitert?

I denne korte romanen som har knapt med handling, stikk det som faktisk skjer, seg veldig ut. Dessutan skapar ramma med ei dramatisk hending i fortida og klimaskjør notid eit slags konstant dirrande bilde. Ein vareleveranse på kaia blir til noko stort. Når vi i tillegg får servert Inges trong til ikkje berre å kle seg i kleda til kona, men i dameklede generelt, blir det ikkje lenger berre ei undergangshistorie, men ei soge om korleis ein trekkjer med seg alt sitt, uansett situasjon. Kva skal ein gjere med det? Kva skal ein gjere med seg?

Omsynet til dottera Live, som ikkje veit noko om kva kleda til mora blir brukte til, tel òg sterkt for Inge. Og det finaste Sondre Midthun får til i denne boka, er å skildre forholdet mellom Inge og Live, og dessutan forholdet Live har til dei andre få personane ho har i nærleiken. Alle er utsette, men Live står kanskje tettast på det som er både godt og vondt.

Korleis ein tar det

Romanen handlar dermed òg om «korleis ein tar det» når festet ryk. Kven klarar å stå i det, og ta den nye røyndomen som han er, og kven flyktar inn i sitt eige? Kven er overlatne til eit minimum, og kven kan framleis kjøpe seg basisgode og livskvalitet? Kva skal til for at maktbalansen mellom menneske skal endre seg i ei framtid der mangelen på det som held ein i live, blir stadig meir prekær?

Midthun skriv nøkternt og liketil, på linjene. Bragda hans er å skrive så mykje også mellom linjene at den vesle romanen kjennest dobbelt så stor, i verkekraft. Det er eit uroande scenario han set opp, men koplinga mot eit anna tema som på ein måte verkar malplassert (mann i dameklede i ein dystopi), seier berre at ein mann i dameklede kanskje alltid kjenner seg malplassert.

Romanen drøftar også (utan å drøfte det, altså, det er heilt usynleg) kor mykje vekt ein hang eller legning skal få, under ei altfor sterk sol der alle tidlegare reglar blir endra. Og i kva grad andre får lov til å legge seg opp i eiga ytring.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er eit uroande scenario han set opp.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis