Dyra kjem best ut
Martine Jonsrud skriv godt, men kan jobbe litt med logikken.
Debutanten Martine Jonsrud er utdanna kulturvitar og var i fleire år kultur- og kommunikasjonsrådgjevar ved den norske ambassaden i London.
Foto: Jan Tore Eriksen
Roman
Martine Jonsrud:
Juni, juni
Oktober
I min ungdom hadde eg mus, rotter, ørkenrotter, hamsterar, marsvin, kaninar, fuglar og mange kattar. Ja, og ein hest. Det er ikkje vanskeleg for meg å interessere meg for jobben til hovudpersonen Minken i Martine Jonsruds debutroman Juni, juni: i ein dyrebutikk. Scenene som blir skildra herifrå, er òg dei mest levande, sjølv om dei er få.
Det eigentlege
Minken er 33 år og i ein periode i livet der ho slit med svevnen og med å finne ro og sin plass i verda. På overflata verkar ho som eit oppegåande menneske, som rett nok har vanskar med å få kontakt med kjenslene sine og dermed føyser mykje bort. Ho går til psykolog. Ho er omgitt av barndomsvenninna Merete, mor si, ein kjærast ho er middels interessert i, og nokre vener av han. Og av alle dyra, då, og tankane om dyrevelferd.
Debutanten skriv ut eit univers som er lett å følge, i eit liketil og replikkbasert språk. Eg veit likevel ikkje om eg synest universet er interessant, eller konsistent. I kvardagslivet som utspeler seg, har mora fått endå ein ny kjærast, venninna Merete blir gravid, det er nokre festar og samkomer, og Merete og Minken møtest i parkar og på kafé. Eg oppfattar at det som eigentleg går føre seg, hender i rommet mellom det Minken får til, og det ho ikkje får til. Problemet er at dette rommet er ganske spinkelt.
Terapeuten kunne ein tru var parodisk teikna, der ho ber Minken inngå i rollespel, bygge med Lego og skrive i ei bok om nettene om alt ho tenker på når ho ikkje får sove. Men eg blir ikkje overtydd om ironien. Minken protesterer rett nok på mykje av dette, men for meg seier teksten mest at Minken er ei litt avstengd, tøff-i-trynet-kvinne som verkeleg har noko hos terapeuten å gjere, men som vegrar seg. «– Noen ganger kobler vi ut fordi vi ikke tør kjenne på det vi egentlig føler, sier hun. – Sikkert, sier jeg.»
Påstand og løysing
Minken har fått ei «oppskrift» av forfattaren på korleis ho handlar sosialt: Når folk spør om noko ho ikkje vil svare på, begynner ho å snakke om noko anna. Gjerne med finurlege betraktningar eller fun facts som: «Synes du ikke ost egentlig er ganske ekkelt?» «Visste du at fugler ikke har utpust?» For meg blir det for konstruert og skjematisk; eg kjem ikkje tettare på Minken eller forteljinga gjennom dette, tvert om aukar avstanden til stoffet.
Vidare heiter det om Minken at ho og mora ikkje tenker særleg på henne som kvinne, men som ein som blei fødd som ein gammal mann. Det er ingenting i teikninga av hovudpersonen som viser dette for lesaren. Heller ikkje i visdom, om det var det ein tenkte på. I svevnboka har Minken teikna ei bombe med lunte. Men vi har alt forstått at ho er i ein tilstand der ho snart kan eksplodere, eller at noko i det minste ulmar. Ho kan seie: «Folk tror det er den som blir tatt bilde av som avsløres, men egentlig er det jo fotografen.» Det er lansert som visdomsord, men det er ikkje eitt som er originalt for Minken.
Tidvis opplever eg altså at det manglar samsvar mellom påstand og løysing, og/eller at løysinga blir for flat. Martine Jonsrud er best når ho skriv om dyrebutikken, om Minkens oppgåver der, og om dei ymse folka som kjem innom. Der kjem ein nerve inn som skaper spenn og litterært liv. Eg seier ikkje at forfattaren burde halde seg til å skrive bøker om dyrebutikkar heretter, eg vil berre seie at her er det høgt nivå. Den aller beste setninga i boka er denne, sidan ho berre står der og lever: «Ja, sier jeg og børster meg på lårene av ingen som helst grunn.»
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.